Då eg var yngre, hjelpte eg til på garden hjå besteforeldra mine i Vestre Slidre, der dei dreiv med mjølkeproduksjon. Eg var hjå dei i helgene og feriane, og vart slik tidleg begeistra for gardsdrift, kyr og traktorar.
Så då svigerfaren min døydde, tok vi over garden hans. Svigerfar hadde tidlegare drive med sau og rev, men sidan han var lærar på heiltid, såg han seg nøydd til å gje seg med dyra. Fjøset bar preg av at det ikkje hadde vore drift her på mange år, så i 2014 bygde vi nytt. Alt i alt har vi investert fleire millionar i garden, for eg har trass alt tru på at det er mogleg å leve av å drive gard, sjølv om det både er vanskeleg og tøft.
Det er uendeleg mykje arbeid som skal gjerast på garden, dessutan prøver eg å hjelpe til ved «Kollstad lakk og sandblåsing» kvar dag, som er lakkeringsverkstaden til far min. Så det blir lange dagar, men eg tek ein ting om senn.

På garden driv vi med kjøtproduksjon, og har 25 mordyr av arten Aberdeen Angus, i tillegg til 40 vinterfôra søyer. Stølen vår ligg på Vesleskag, 1100 m.o.h., der kyrne beitar heilt opp mot 1450 m.o.h. i sumarhalvåret, og det trur eg gjev høg kvalitet på kjøtet. Dessutan er nedbeitinga av stor verdi for kulturlandskapet.
No sel vi kjøt frå ei internettside vi har, lunngard.no, der det er mogleg å kjøpe 10 kilos pakningar med biff og kjøtdeig. Det var etter at eit vennepar ynskte å kjøpe kjøt av oss, at vi fann ut at vi skulle selje på nettet.

Elles spelar eg gitar og bass i gruppa «Skarvemellen». Eg har ofte ikkje tid til å vere med på øvingane,  men når dei vil ha meg med på spelejobb, prøver eg å bli med.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)