Det er far min som kjem frå plassen der eg og mannen min, Bjørn, no bur. Sjølv er eg fødd i Bærum og oppvaksen i Drammen, der far min hadde eit reiseselskap. Eg var ofte med på turbilkøyring, og det var stor stas å få sitje med mikrofonen framme i bussen, og underhalde passasjerane med sang og vitsar!
Eg byrja tidleg å spele trekkspel, og var med på mange tevlingar og festivalar både i inn- og utland. Frå NM fekk eg eitt gull i duettklassen og fleire gull i orkesterklassen, medan det vart ein andreplass i solospel som best. Og som 16-åring reiste eg til Gjøvik for å gå musikklina, med fordjuping i trekkspel.

Eit par år seinare flytte eg til Valdres, for far min kjøpte Fosheim hotell, og eg byrja å jobbe der. Så vart det jobb på Neskroa, før eg byrja å køyre drosje 22 år gamal. Eg held fram med å spele trekkspel, og spelte mykje i lag med «Slidringadn», men då eg vart med i koret «Popcorn» i 2008, byrja eg å prioritere koret framfor trekkspelet.
Ved sidan av jobben tok eg utdanning innan rådgjeving og rettleiing, og no studerar eg psykososialt arbeid for barn og unge. Eg brenn for ungdom i sårbare situasjonar, og går no i eit vikariat som burettleiar for einslege, mindreårige asylsøkjarar i Vang.

Etter at eg fekk brystkreft i 2016 bestemte eg meg for å vere open om det, så eg byrja å blogge. Eg fekk mykje ros for at eg var så open og ærleg i bloggen, og det var dessutan god terapi å skrive. Noko av det eg har lært av sjukdommen, er å vere flinkare til å høyre på kroppen – når eg er sliten, så kviler eg.
Elles likar eg å drive ute. Eg er kreativ av meg, og har mellom anna snekra ein paviljong og laga ein carport. Og no har eg kjøpt meg motorsag, så det skal nok bli ei råd med ved til vinteren!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)