Eg har bestandig likt å teikne, og noko av det fyrste eg teikna var kart, for eg har alltid vore fascinert av kart og reising. Og etter å ha avtent sivilteneste, dreiv eg med grafikk eit års tid, før eg reiste rundt om i verda med ryggsekk, og eit opent sinn. Vel heime tok eg kunstutdanning, fyrst ved Einar Granums tegne- og maleskole i 1980-81, og deretter kunstakademiet i Trondheim frå 1982 til 1986.

Dette med kart og reising er eg framleis oppteken av, og noko av det eg har drive mest med dei siste åra, er kartbaserte teikningar. Eg brukar ofte ein kombinasjon av eit teikna kart, og avtrykket av ei gravstøtte. For å få avtrykk av ei gravstøtte, brukar eg ein teknikk som heiter frottage. Måten eg gjer det på, er å trykkje eit papir mot gravstøtta, og ved hjelp av grafitt, som nærast er eit tjukt, mjukt bly av ein blyant, arbeider eg fram strukturen til, og skrifta på gravsteinen.

Filosofien bak teikningane er å vise levd liv, og mennesket si reise, jamført med jorda si reise. Ta til dømes øya Gotland i Sverige, som ein gong låg der Antarktis ligg no. Så kan ein byrje å tenkje på korleis det var på Gotland då det låg langt der nede i sør, samanlikna med at det for 2500 år sidan var eit sentralt handels- og kultursentrum, med vidtrekkande forbindelsar. Det er litt av ei reise, ikkje berre i avstand, men òg historisk!
Ei gravstøtte vil på si side seie noko om mennesket si historie. Til dømes såg eg ein gong ei gravstøtte, der det var fire familiemedlemmar under 10 år som hadde døydd i åra 1917-1920. Det var lett å skjøne at dei vart råka av spanskesjuka. Og det er dette forholdet, mellom verda og menneska si reise, eg prøver å få fram i teikningane.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)