Vi budde i Kolbotn fram til eg var ti år. Då flytte vi til Hedalen, til slektsgarden der far min vaks opp.
I ungdomstida vart eg interessert i friluftsliv, etter at vi hadde jakt og friluftsliv som valfag på ungdomsskulen. Læraren tok oss mellom anna med på snøholeturar, vi tok jegerprøvekurs, og var på rypejakt.
Elles dreiv eg med skihopp, volleyball og fotball, og gjekk idrettslina på Fagernes. Og sidan det høyrer 1000 mål skog til garden, gjekk eg lina for skogbruk i Hov i Land, og lina for utmarksforvalting ved distriktshøgskulen på Evenstad i Østerdalen. Så flytte eg heim for å ta over garden i 1995, kjøpte ti sauer av naboen, og var så smått i gang.

Eg er interessert i naturforvalting, og er oppteken av at vi må utnytte ressursane på ein berekraftig måte. Plantar og tre bind opp mykje CO₂, men skog og kratt må tynnast og hoggast så det ikkje rotnar på rot. Så må krattet og hogsten brukast, til dømes til dyrefôr, byggemateriale og ved, så det kjem til nytte.
No ser vi at fjellet gror ned grunna mindre hogst, færre beitedyr og mildare vêr, og hadde det ikkje vore for beitedyra, hadde det grodd ned endå fortare. Dessutan må eg seie eg blir oppgjeven når avisene skriv at bøndene ikkje tek omsyn til miljøet, for om vi ikkje kan drive som no, kvar skal vi få maten vår frå då?

No har eg om lag 100 vinterfôra sau, så det er travelt under lamminga, men eg har heldigvis god hjelp av sambuaren min og mora mi. Og når vi fyrst er inne på lamming, må eg nemne ein syttande mai for nokre år sidan. Eg var nede i bygda, oppkledd i bunad og min finaste stas. Så fekk eg beskjed om at det var lamming på gang, og eg kasta meg i bilen og køyrde oppatt det fortaste eg vann. Men så viste det seg at alle arbeidskleda mine var på vask, og det enda med at eg måtte ta kleda frå fugleskremselet!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)