Foreldra mine dreiv gullsmedbutikk på Ski, der eg vaks opp, og frå eg var lita var eg med og hjelpte til om kveldane og i helgene. Men sidan eg vaks opp i landlege omgjevnader, med mange dyr i nærområdet, vart eg veldig glad i dyr. Derfor ynskte eg å bli dyrlækjar, men for å kome inn på veterinærstudiet, måtte eg ha eitt års praksis frå gard fyrst. Så då eg var 19 år gamal flytte eg til Bakkebygda i Etnedal, der eg fekk arbeid på ein gard.
Vel framme i Etnedal, møtte eg mannen i mitt liv. Han var frå garden der eg bur no, der han hadde mjølkekyr, sauer, hestar, griser og høner. Dermed vart veterinærdraumen lagt på hylla, og eg vart gardkjerring i staden for.

Mannen min døydde i 2007, og det var naturleg nok eit hardt slag. Men eg ville ikkje slutte å leve av den grunn, for eg har heile tida vore aktiv, og det ville eg halde fram med. Ved sida av gardsdrifta har eg mellom anna hatt bingoen på Etnedalsheimen i over 20 år, og har vore leiar for grendehuset enno lenger. Dessutan er eg med i historielaget og husflidslaget, eg er guide i Bruflat kyrkje om sumaren, og eg har vore med i soknerådet, kulturrådet og diakoniutvalet, for å nemne noko.

Men det dei fleste kanskje forbind med meg, er at eg målar. Eg har måla og teikna heile livet, mest på tre, som til dømes bollar, klokker og sleiver. Det byrja med rosemåling og måling av blomar, før det vart troll, nissar, dyr og landskap. Eg har avhalde ei rekkje kurs både i Valdres, Gudbrandsdalen, Hallingdal, Buskerud og Sogn, og har endatil hatt kurs på Helgelandskysten.

Elles må eg seie at livet har fare godt med meg, og eg er så heldig å ha mange snille folk rundt meg. Litt smerter har eg rett nok av og til, men det må ein ha, elles lever ein ikkje!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)