Sidan eg kjem frå ein liten plass – Breim i Nordfjord – grudde eg meg fælt til å reise frå den trygge komfortsonen, og ut i den store verda på eigenhand. Men eg gjorde det likevel, og det angrar eg ikkje på! For det året eg budde i New Jersey i USA, er det mest fantastiske året eg har hatt. Mellom anna fordi eg lærte meg sjølv å kjenne, og derfor vaks som person.
Før eg reiste gjekk eg tre år på idrettslina, og fekk då lyst til å sjå verda. Året som au pair i USA inspirerte meg til å ta meir utdanning, så ei tid etter at eg var komen heim flytte eg og mannen min til Trondheim, der eg tok utdanning som førskulelærar.

Etter seks år i Trondheim flytte vi til Vang i 2007. Eg byrja som pedagog i Fredheim barnehage, og var også leiar for alle barnehagane i Vang ein periode. No er eg styrar i Høre barnehage, og barnehagefagleg rådgjevar i kommunen.
Det å jobbe i barnehage er ein stor del av livet mitt. Når eg kjem på jobb blir eg møtt av smil og latter, eg kan vere meg sjølv, og får brukt dei kreative sidene mine. Vi driv med musikk og dans, går turar, og gjer slikt som eg likar. Kvar dag er positiv.

Idrett er, og har vore, ein stor del av livet mitt. Eg har spelt handball, fotball og volleyball, og har drive med friidrett. På fritida trenar eg mine eigne og andre sine born i handball, turn og alpint, og sjølv om eg har høgdeskrekk driv eg med klatring, og køyrer også alpint. Dessutan er eg eigar av treningssenteret i Vang, Gnist, og medeigar i Intersport på Filefjell.
Elles er eg glad i musikk, og likar alt frå Sinatra til Metallica. Eg likar også å syngje, men berre heime og i barnehagen!

Draumen er å reise meir, for eg er eventyrlysten, og glad i å oppleve andre land. Bali skal visstnok vere fantastisk, så kanskje går neste tur dit?

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)