Eg hadde ein trygg og god oppvekst i Brumunddal, og dreiv aktivt med idrett og musikk. På vidaregåande fordjupa eg meg i språk, og reiste deretter som au pair til Frankrike for å lære språket betre. Etterpå hadde eg lyst til å studere tysk og fransk, men ein prat med far min gjorde at eg ombestemde meg, og vart fysioterapeut i staden for.

Etter å ha jobba som fysioterapeut eit par år, fekk eg ein telefon frå Beitostølen Helsesportsenter, med spørsmål om eg kunne jobbe der eit par veker. Det er no snart 30 år sidan, og eg er framleis her!
Eg synest det er artig å bidra til at folk med fysiske og mentale utfordringar kan flytte grensene sine, og ta sine eigne «riddarsprang». Vågar ein å ta spranget kan ein risikere å havne i fossen, men kjem ein seg over, er belønninga stor. Og her er eg nok sterkt påverka av onkelen min, Erling Stordahl, som var oppteken av å gje alle menneske moglegheiter.

Elles er eg oppteken av klimaspørsmål, og er med i Beitostølen humleklubb og Besteforeldre mot global oppvarming. Eg var på klimatoppmøtet i Paris i 2015, og der fekk eg ein real vekkar. Vi sit på vår grøne grein her til lands, medan naturkatastrofene – som har vorte stadig større og hyppigare – i fyrste omgang råkar dei fattigaste stroka i verda, og det synest eg er trist. Det kjem til å bli mange klimaflyktningar, og det vil bli tøft å leve på jorda. Kvar og ein av oss må bidra etter beste evne viss vi skal vi klare å snu det, men tida er knapp.
Av meir positive hendingar, må eg nemne «Riddarspranget 2018», der eg har vore med i styringsgruppa. Dette er eit stykke med lokale dansarar og skodespelarar, som blir vist i alpinbakken på Beitostølen den 24. og 25. august. Og eg gler meg skikkeleg til framsyning!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)