Vi tok over garden etter slektningar av mannen min, som ikkje hadde etterkomarar. Dei fyrste åra hadde vi berre sau, men då mjølkekvota held på å gå ut, fann vi ut at vi skulle halde geiter òg. Vi byrja i det små med ti geiter, men ynskte snart fleire, og reduserte i staden saueflokken. Så no har vi om lag 30 vinterfôra sau og 150 geiter, der noko av kjøtet blir male til kurv som vi sel. I tillegg har vi nokre få mohairgeiter, kaninar, hund og katt.

Eg er utdanna førskulelærar med eit halvår i spesialpedagogikk, og var styrar i Fredheim barnehage i 18 år. Men sidan gardsarbeidet kravde mykje tid, sa eg opp stillinga mi for å vere fulltid på garden. Sjølvsagt saknar eg ungane i barnehagen, og samarbeidet med dei vaksne, men eg har funne ein måte å kompensere for dette. Sidan 2005 har eg nemleg drive «inn på tunet», der utvalde ungar opp til 18 år får tilbod om å ta del i det som skjer på garden. Det er utruleg gjevande å ha desse barna på garden, for vi får sterke band til kvarandre, og det er så flott å sjå at tida på garden gjer dei godt, og at dei er så nøgde.

Elles er eg politisk aktiv, og representerer SP i kommunestyret. Eg brenn for at bygda skal vere levande, slik at folk blir verande, og nye kjem til. Då er vi avhengige av å halde saman, og at det skjer noko i bygda.
Eg er ikkje ein person som greier å vere uverksam, men må ha noko å drive med. Sidan eg sit i kommunestyret, er eg med i fleire ulike lag og organisasjonar, men eg er òg aktiv medlem i mållaget, og jobbar deltid med trusopplæring i kommunen. Så det er i alle fall ikkje noko problem med å få tida til å gå!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)