Far min dreiv med friidrett så å seie heile livet, og det var han som sytte for at også eg byrja. Eg flytte til Gjøvik og Oslo ein periode i ungdomstida for å gå på skule, men kom heimatt til Valdres med ein gong eg var ferdig med utdanninga. Sidan har eg teke idrettsmerket kvart år, og i 2003 fekk eg heidersprisen for å ha teke idrettsmerket i 35 år på rad. Idrettsmerket får ein ved å klare fastlagte krav innan spenst, styrke, det å vere uthaldande og rask, samt at ein må drive fast med ein fysisk aktivitet, eller trene aktivt gjennom heile året.
Innan friidretten har vi vore på tallause klubbstemner, krinsmeisterskap og NM for veteranar, og eg har delteke på Holmenkollstafetten 15-16 gonger, og Det Norske Fjellmaraton 20 gonger. Dette har gjeve oss mange fine turar rundt om i heile Norge, i lag med gode vener frå idrettsmiljøet. Nokon av dei har vore med like lenge som oss.
Hausten 2016 vart eg pensjonist, men eg får tida til å gå likevel. Eg likar å halde meg i form, og trenar tre–fire gonger i veka. Treninga har nok vore ein avgjerande årsak til at eg på mine vel 40 år som sekretær i heimesjukepleia i kommunen, ikkje hadde ein einaste fråværsdag. Og det er noko eg er både stolt av og glad for!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)