Dei siste åra har eg vore aktivitetsleiar på dagsenteret for eldre i Hedalen og Bagn, noko eg synest er veldig kjekt. Dessutan er eg leiar for seniordansen på Bagn, og eg er med på seniordansen ved Vikatunet på Fagernes. Høgdepunktet for oss seniordansarar er nok landsstemnet, som blir arrangert annakvart år i Håkonshallen på Lillehammer. Då er vi til saman 12.000 deltakarar, og i tillegg til dansen har vi hyggeleg samvære på kvelden, med god mat og drikke.
Eg likar å halde meg aktiv, og har mange hobbyar. Ved sida av at eg strikkar til alle tantebarna mine, driv eg med mellom anna never- og tægerarbeid, hatteforming, baking og gamaldans. Eg gjekk òg ein del i fjellet tidlegare, men etter at eg fekk problem med ryggen og hoftene, har det vorte mykje mindre av det.
Når det gjeld tægerarbeidet, er det ein tidkrevjande prosess. Det er likevel verd det, for korgene blir fine. Tæger er dei tynne greinene som ein finn på røtene til eit bjørketre, og for å få tak i dei, må ein grave dei opp av bakken. Det er om å gjere at tægene er så lange som råd, så ein må vere varsam når ein grev dei opp, så ein ikkje slit dei av. Når ein har fått tægene opp av jorda, blir dei fyrst reinska for jord og bork, og deretter lagt til tørk. Så blir dei bløytt opp, før ein endeleg kan ta til med sjølve bindinga. Så det går mange timar på å lage sjølv ei lita korg.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)