Foreldra mine hadde gard i Stavedalen, og sidan far min jobba på anlegg, var han mykje borte. Vi borna tok sjølvsagt del i gardsarbeidet, og lærte oss tidleg å arbeide.
Besteforeldra mine budde like ved, og eg stakk ofte innom. Bestemor var flink til å fortelje, og det var stor stas å få sitje attmed henne i godstolen, og høyre spennande eventyr og segn. Desse kosestundene er av mine kjæraste barndomsminne, og bidrog også til at eg fekk utvikla ein frodig fantasi.
Då eg var vel vaksen tok eg studiekompetanse, og fullførte den treårige bibliotekarutdanninga i Oslo i 2012. Eg jobba samstundes på biblioteket i Bagn, og er stolt av at eg klarte å gjennomførte studiet.
No har eg jobba på biblioteket i 30 år, dei siste ti åra som biblioteksjef. Dette er ein fantastisk arbeidsplass, der eg får møte mange hyggelege folk.
Når eg ikkje er på jobb likar eg å vere ute i naturen, uansett tid på året. Fotoapparatet er som oftast med, og eg ser motiv over alt!
Om hausten elskar eg å gå på bærtur, og eg kan ikkje tenkje meg noko betre enn å kjenne varmen frå sola i nakken, medan eg plukkar store, gule, modne molter. For meg er det rett og slett sjelebot å vere ute i naturen!
Eg er også aktiv i lag- og foreiningsarbeid, for hjartet mitt bankar varmt for bygda. Dessutan er eg interessert i historie, og var tidlegare med i historielaget. Eg har forska på slekta mi i mange ledd bakover, og synest det er spennande å få greie på kva dei har drive med, og kvar dei budde.
Slekta mi er spreidd over heile landet. Mellom anna er mor mi frå Hamarøy, og eg har teke over hytta som foreldra mine kjøpte ved barndomsheimen hennar. Der oppe har eg både slektningar og vener, og eg er veldig begeistra for naturen i Nord-Norge, så eg tek turen nordover så ofte eg kan!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)