Eg vaks opp i Hølera, og båe foreldra mine var med i Hølerafossens festlige menneskeforening. Dessutan hadde eg ei tante frå Hedalen, som ofte tok meg med til Hedalen på teaterframsyningar. Slik fekk eg tidleg interesse for revy og teater, så då eg flytte saman med mannen min til Hedalen i 2005, vart eg med i Hedalen ungdomslag nesten med det same, der eg no er leiar.
Ungdomslaget vart skipa i 1898, og står sterkt i Hedalen. Dei fyrste åra tok dei mellom anna føre seg ein del samfunnskritiske spørsmål, men seinare er det helst som ein samlingsplass i bygda, og frå scenen vi har markert oss. Ungdomslaget driftar teaterlaget, arrangerer offentlege festar, barnekafé, damenes aftan, med meir, og har hatt to årlege teateroppsetjingar sidan 1920-talet; fjerde juledag og syttande mai.

Det er godt samhald i Hedalen, og folket her er interesserte i at vi skal ha ei aktiv og attraktiv bygd. Det er mange som engasjerer seg i lag og organisasjonar, mange som er med og dreg lasset, og det herskar ein stor dugnadsånd.
Sjølv er eg politisk aktiv, og representerer SP i kommunestyret. Det politiske engasjementet mitt skaut verkeleg fart då det vart prat om å leggje ned skulen, for eg er oppteken av at bygda skal vere levande. Eg synest det er viktig å ta ansvar, og prøve å gjere noko for å hindre utflytting, og fremje tilflytting.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)