Det er no 21 år sidan eg og kona mi flytte til Valdres frå Østerdalen. Det var ikkje lett å kome som innflyttarar, for det var vanskeleg å bli kjend med folk, og det var lett å bli stigmatisert. Men det at vi hadde tre born, gjorde det trass alt noko lettare å bli integrert.
Eg har bestandig hatt mykje å gjere, for eg trivst ikkje med å vere uverksam. Etter 44 år som yrkesaktiv, er eitt av høgdepunkta at eg fekk i gang VTA-plassar i Valdres. Dette sytte mellom anna for at dei med psykisk utviklingshemming, fekk eit ordinært arbeid å gå til. Mange av jobbane eg har hatt i Valdres har vore i kommunesektoren, og det har stort sett vore kjekt. Men ein må også kunne omstille seg når det blir kravd.
Dei siste to åra har eg hatt arbeidet mitt ved Valdres gardsbryggjeri i Volbu, og trivst godt. Av dei 200 mikrobryggjeria i Norge, er vi det nest eldste. Vi gjer alt for hand, og lagar om lag 18.000 liter øl per år, men det er ikkje nok til å dekkje etterspurnaden.
Eg er ateist, og veldig aktiv i Human-Etisk Forbund, der eg mellom anna er vigslar. Det er ganske mange som vel å gifte seg på denne måten, også i Valdres. Men etter åtte år kjenner eg at tida er moden for å la nokon andre overta.
Elles kan eg nemne at eg og kona er veldig interessert i hagebruk. Vi har truleg den største rosehagen i Valdres med over 50 ulike roser, og har dessutan 120 ulike staudar. Det er fleire spesielle og sjeldne roser i hagen vår, men vi er særs stolte av å ha ei rose som kanskje er den einaste i sitt slag i verda. Og desse sjeldne gjestane står i praktfull bløming i hagen vår i Vang akkurat no!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)