Då eg byrja på lærarskulen var eg 26 år gamal, utan annan skule enn framhaldsskulen. Vi hadde opptaksprøve i alle fag, og om lag 1/3 av søkjarane kom inn. Best hugsar eg prøva i solosong. Eg valde ei vise av Skjæraasen, fordi eg likar Skjæraasen, og fordi det var ein bra melodi. Det viste seg at familien til sensor var gode vener av Skjæraasen, og at far hennar hadde skrive melodien. Så det vart ikkje så mykje song, men vi hadde ein interessant samtale.

Til eksamen trekte eg mellom anna orgelspel. Sidan eg har problem med å spele med båe hendene, fekk eg lov å bruke berre høgrehanda. Etterpå fortalde musikklæraren min at eg hadde spelt i feil takt, men eg fekk no godkjent!
Siste året på lærarskolen døydde far min, og mor mi såg helst at eg flytte heim. Eg fekk arbeid ved skulen i Hedalen, der eg var frå 1969 til 2004.

Eg har bestandig vore glad i å lese, noko eg kan takke morfar min for. Han var tømmerhoggar utan utdanning, men han las mykje. Som smågut spurde eg han om kva eg burde lesa. «Falkberget», svara bestefar. Så eg las «Den fjerde nattevakt», og dermed var det gjort.

I 1978 fekk eg utgjett ei diktsamling. Seinare laga eg nokre viser som ungdomslaget har brukt, og eg har skrive om husmorlaget, ungdomslaget, vassfarbrøtningen, skogeigarlaget, helselaget, Bautahaugen og Fekjær psykiatriske senter. Elles har eg vore med på jubileumsheftet til Hedalen barne- og ungdomsskole, og nyleg fekk eg eit skriveoppdrag for idrettslaget.

For tre år sidan fekk eg Sør-Aurdal kommune sin kulturpris, og den set eg høgt. For når eg ser på alle dei som har gjort utruleg mykje bra arbeid utan å få pris, blir eg både stolt og audmjuk.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)