Vi flytte til Valdres i 1999, fordi far min skulle overta ein gard. Det var vanskeleg å flytte frå alle venene mine i Slemmestad, men no har eg i det minste fått kontakt med dei fleste av dei på Facebook.
Sidan vi flytte, har eg mellom anna hatt mitt eige program i radiostasjonen «Radio mix», der eg spelte dansemusikk og prata litt mellom songane. Eg hadde eige utstyr, og hadde sendingar heimafrå, men etter at eg hadde jobba der om lag eitt år, vart radiostasjonen dessverre nedlagd. Seinare var eg på Valdres Folkemuseum eit par år, der eg hjelpte til med å skanne inn gamle fotografi, og det var kjekt å halde på med.
Eg sit i rullestol, fordi eg er fødd med ryggmargsbrokk. Dette har ikkje gått ut over det sosiale, for eg likar veldig godt å kome meg ut og prate med folk. Då tek eg ofte turen til kjøpesentera på Fagernes og Leira, for her møter eg mange eg kjenner, og som eg kan slå av ein prat med. Dessutan er eg aktiv på sosiale medier, og har meir enn 1000 vener på Facebook.
Elles er eg interessert i musikk, og eg er oppteken av politikk. Sidan eg er einig i mykje av politikken til AP, vart eg partimedlem for om lag to år sidan.
Dei siste tre åra har eg selt lodd for Valdres FK. Det fyrste året selde eg for 16.000 kr, i 2015 for 40.000 kr, og i fjor selde eg lodd for over 70.000 kroner. Eg skal selje lodd i år òg, og håpar eg kan slå rekorden min frå i fjor!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)