Eg har vore interessert i motorsyklar så lenge eg kan hugse. Far min køyrde motorsykkel, og det var nok gjennom han at interessa mi vart vekt. Så då eg var 10-12 år gamal bestemde eg meg for at det var Harley eg skulle ha, men det skulle gå enno 15 år før det vart ein realitet.

Årsaka til at eg bestemde meg for Harley, er fordi det er ein ikonisk sykkel, som det er knytt mykje historie til. Og spør du meg, har sykkelen sjel. Dessutan skil Harley seg ut frå andre typar syklar på marknaden. Nett no køyrer eg ein 1982 modell Harley Davidson Wide Glide Shovelhead.

Eg er ein av sju medlemmar i motorsykkelklubben Bergulv MC, og vi køyrer alle Harley. Vi har eigen verkstad der vi skrur og byggjer om syklane våre, så det er ingen av oss som har heilt original sykkel lenger. Om sumaren køyrer vi naturleg nok ein del. Vi har klubbhus i Vang, og ligg dermed slik til, at det høver seg godt med ein vestlandstur no og då. Det fine med vestlandet, er at når ein har køyrt ein times tid kjem ein ofte til eit ferjeleie, der ein kan få seg ein pause med ein kaffikopp, og litt tulleprat. For vel så viktig som motorsyklane og sjølve køyringa, er det sosiale samhaldet med gode kameratar.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)