Det er no snart 20 år sidan vi flytte til Valdres, mannen min og eg. Han er frå Tønsberg og hadde lyst til å bu i Vestfold, og eg kjem frå Balestrand og hadde lyst å bu i Sogn, så vi valde å busetje oss i Valdres, midt mellom! Dessutan vaks mor mi opp i Valdres, og eg har familie i Øystre Slidre, så eg kjende godt til dalen frå før.
Sjølv om vi har funne oss godt til rette og har det fint på alle måtar, må eg seie at eg ofte saknar Sogn. Derfor tek eg turen fleire gonger om året, slik at eg kan møte igjen gamle vener, plukke eple på fruktgarden til foreldra mine, gå litt i fjellet, og gjenoppleve gode barndomsminner. Eg må også få med meg Balejazz kvart år, for då er det mykje folk, god musikk og god stemning i Balestrand.

Eg er sosialarbeidar i hjarte og sinn, og har alltid vore sterkt engasjert i sosialt arbeid. Gjennom heile livet har eg vore heldig; eg har gode, kloke foreldre, og har vore skåna for store livskriser og alvorlege hendingar, så eg kjenner på eit behov for å gje noko tilbake.
No jobbar eg ved fengselet på Slidreøya. Her har vi starta eit tilbakeføringsprosjekt som har vekt oppsikt, og som har byrja å spreie seg utover kriminalomsorga i heile Norge. Vi vart til og med inviterte til Skaugum på grunn av dette prosjektet, og det er sjølvsagt ei stor anerkjenning for oss.

Vi har to jenter på 18 og 20 år, så livet er i ferd med å gå inn i ein ny fase. Noko av det beste eg veit er å lese tjukke bøker, sjå god film, og invitere nye og gamle vener på god mat og drikke. Og det blir det nok meir tid til i åra som kjem.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)