Dei fyrste leveåra mine budde eg i Aurdal. I byrjinga av åtti-talet flytte eg til Oslo, der eg mellom anna gjekk på sekretærskule og jobba i ei personalavdeling. Men då eg etter 3–4 år i Oslo vart gravid, valde vi å flytte heim til Valdres.

Etter fødselen byrja eg å jobbe i resepsjonen ved Fagernes hotell. Deretter var eg på landbrukskontoret, før eg tok til ved servicekontoret i kommunen rundt 1993/1994, der eg framleis arbeider. Vi som sit her er dei fyrste dei besøkjande til Rådhuset kjem i kontakt med. Vi møter veldig mange menneskje, og det er sjølvsagt veldig hyggeleg. Likevel hender det at eg kan bli litt metta av sosial kontakt, og då er det godt å kome heim og vere litt for seg sjølv.

Eg har to søner og ei dotter som har drive aktivt med fotball, så det har vorte mykje køyring til og frå, og lite fri i helgene. Men no er dei så store at det ikkje er naudsynt å køyre dei lenger, og dermed har eg moglegheit til å gjere andre ting i helgene. Eg likar godt fjellturar sumar og haust, men er òg utruleg glad i å reise. Vi likar oss veldig godt på Kreta, og reiser ofte dit. Ein storbyferie i Europa er heller ikkje å forakte. Elles har eg lyst tilbake til USA, og eg har ein draum om ein gong å reise til Australia.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)