Eg har utdanninga mi frå Oslo lærarskule og musikkonservatoriet i Oslo, og fekk etter studiane jobb i Kautokeino, med ansvar for musikkundervisninga ved ein internatskule. Her var eg i tre år; frå 1960 til 1963. Før eg tok til ved internatskulen, hadde skulestyret vedteke at det skulle vere joikeforbod ved skulane i Finnmark, noko eg var sterk motstandar av. Men det var lite hjelp i å protestere, for forbodet vart handheva like til 1987.

I Finnmark vart eg kjend med Regine og Frank Juhls, som hadde ei sylvsmie i Kautokeino, og interessa mi for det gamle handverket vart vekt. Derfor byrja eg på metall-lina ved kunst- og handverkskulen i Oslo hausten 1963, før eg flytte til Valdres og starta eigen sylvsmedverkstad i 1964. Men etter nokre års drift steig sylvprisane så mykje, at vi mista heile eksportsalet vårt. Så i 1980 valde eg å etablere ein keramikkverkstad i same bygget som sylvsmia, slik at eg skulle få fleire bein å stå på. Verksemda fekk namnet «Valdres sølvsmie og keramikkverksted», og ligg i Hyggjande i Vang kommune. Eg kan òg nemne at eg på same tomta opna Hyggjande vogn- og sledesamling i 1997, der det no står utstilt 50 gamle hestevogner og sledar.

Ein av dei store lidenskapane mine er islandshestar, og eg rir så ofte eg kan. Eg har vore eigar av 25 hestar gjennom livet, og har no to. Sidan 1978 har hestane hatt beite ved foten av Slettefjell, der eg har ei lita hytte. Eg set stor pris på alle dei fine stundene eg har hatt her, for livet er godt på Slettefjell, både for hestane og meg.

 (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)