Då eg var lita, syntest eg det var veldig artig å få ansvaret for fjøsstellet åleine, og kjenne at eg vart tiltrudd eit så stort ansvar. Det var også artig å leike med kalvane, og lære dei opp til mellom anna å hoppe hinder. Dessutan var det stor stas med alle hyttefolka og ungane deira, som kom innom på stølen for å sjå på dyra våre, og då særleg kalvane.
Oppgåvene på ein gard er mangfaldige, og ein lærer noko nytt heile tida. Eg fekk også vere med far min på mange av oppdraga hans som snikkar, så eg lærte meg tidleg å arbeide. Eg set veldig stor pris på at eg fekk ein slik oppvekst, for eg har fått med meg gode verdiar heimanfrå, og har mange fine minner å sjå tilbake på.

For tida er eg student ved høgskulen på Gjøvik, der eg går andre året på sjukepleiarutdanninga. Når eg er heimatt i helger og feriar, jobbar eg på VLMS og ved eit barneavlastingstilbod på Leira. Dessutan hjelper eg til på garden, og eg trenar ein del, så det er ikkje vanskeleg å få tida til å gå.
Sidan tida no har vorte knappare, såg eg meg nøydd til å leggje langrennssatsinga på hylla i fjor. Eg vann fleire krinsmeisterskap, men det som var gjevast å vere med på, var hovudlandsrennet, der dei beste 15- og 16-åringane i landet konkurrerer. Her fekk eg ein fjerdeplass som den beste individuelle plasseringa mi, dessutan var eg med og tok gull i stafett for laget til Oppland.
Etter studiane har eg lyst til å arbeide med barn/ungdom, aller helst førebyggjande. Men eg er òg glad i dyr, og er ikkje framand for å ta over garden. Uansett kva som skjer, vil eg helst bli buande i Valdres.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)