Eg har jobba her ved Valdres Naturstein sidan 2010. Det er far min som er dagleg leiar, og eg byrja i det små som telefonvakt for å avlaste han. Men det har balla på seg med oppgåver, og no jobbar eg fulltid, og har kontroll på det meste i produksjonen.
Arbeidsoppgåvene går hovudsakleg ut på å lage skiferheller etter mål, skjere heller og stein, lempe og sortere stein, og ekspedere kundar.
Det har ikkje vore noko problem for meg som jente å jobbe i eit mannsdominert yrke, for alle kundane og handverkarane som er innom har vore veldig greie. Dessutan er eg litt «gutejente» , og er komfortabel i lag med gutar. Så eg trivst veldig godt i jobben, og ynskjer å ta over drifta når den tida kjem.
For 9-10 år sidan tenestegjorde eg i garden, som ein vel kan kalle gutane si siste skanse. Her kom det til nytte at eg likar meg i lag med gutar! Det var veldig kjekt å vere i garden, og det var ei god skule der eg lærde å bli strukturert og nøye. Dessutan lærer ein å samarbeide med andre, og korleis ein skal stille seg til andre menneske på ein god måte.
Elles er eg veldig glad i bilcross, der eg er ein ivrig tilskodar. Vi har vorte ein samansveisa gjeng som har det artig, og som trivst godt i lag. Eg reiser rundt på alle klubbløpa, samt kvalifiseringsløpa til landsfinalen, og er sjølvsagt på landsfinalen kvart år.
Av meir alvorlege hendingar eg har vore ute for, var då dottera mi vart fødd ti veker for tidleg. Eg fekk svangerskapsforgifting, og det skulle gå to år med plagar av ulik art, før eg var over det verste. Heldigvis gjekk det bra med dottera mi, og ho har greidd seg bra utan seinskader av noko slag, og no smiler livet til oss båe!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)