Fyrste gongen eg var i India, var i 1982. Då reiste eg for å oppleve landet og kulturen. Sidan har eg vore der mange gonger, men dei siste 20 åra har eg reist også av andre årsakar. Eg har nemleg ein revmatisk sjukdom, og ein periode var eg så dårleg, at eg ikkje greidde noko som helst. Då var eg 100% sjukemeld, og eg prøvde sjølvsagt alt for å bli betre.
Snart fekk eg høyre om ayurvedisk behandling. Ayurveda er eit om lag 5000 år gamalt medisinsk system med ei holistisk tilnærming, som er utbreidd i India og områda rundt. Ayurvedisk medisin høyrer inn under den offentlege helsetenesta i India, på lik line med vestleg medisin. Dei ayurvediske legane får same grunnopplæring som vestlige legar, men har i tillegg opplæring i ayurveda. Så eg reiste til India for behandling, noko eg fekk eit særs godt utbytte av. Eg kom ikkje berre tilbake i jobb, men også tilbake til livet.

Den gode hjelpa eg fekk, var bakgrunnen for at eg for 11 år sidan starta opp mitt eige firma, «Golden Mango Travel», med helsereiser til India. Eg samarbeider med tre ayurvediske senter i India, der det eine av dei er omtala i den anerkjende avisa «The Telegraph», som det aller beste i India. Det seier ikkje så reint lite, for det finst tusenvis av slike senter der nede.
Dersom ein vel å reise til India for behandling, får ein ikkje berre betre helse, ein får også oppleve ein annan, og spennande kultur. Og det er ein bonus som er vel verdt å få med seg!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)