Eg vaks opp på Nordsinni, og etter å ha avtent militærtenesta, byrja eg som bussjåfør i Oslo. Då eg flytte heim, tok eg til å jobbe for Vestoppland Bilselskap A/S, der eg mellom anna køyrde Gjøvik-Fagernes i mange år. Dessutan køyrde eg ambulanse på deltid fram til år 2000.
Kona mi kjem frå garden Nordre Madlangsrud, som vi overtok etter at vi gifta oss. Her opna vi Etna Familiecamping i 1994, men har no selt til nokon nederlendarar.
Sidan 1962 har eg vore med som friviljug i Raude Krossen, og på 1970- og -80-talet sat eg eit par periodar i kommunestyret for Krf. Dei siste 40 åra har eg vore medlem av Tempel Ridder Ordenen, som arbeidar for å fremje det gode for familien, samfunnet og den einskilde. Eg var òg ein aktiv elgjegar i 30 år, noko som var ei god avkopling.
I seinare tid har eg engasjert meg i Etnedal Historielag, der vi ei stund no har samla inn, og skanna, fleire tusen bilete frå bygda. Planen er å få til ei eller fleire biletbøker, med ulike tema. Vi held òg på med å lage eit hefte om bureisinga i Etnedal, som med sine 84 bureisingsbruk var ei av bygdene med mest bureising.
Elles har historielaget hatt fokus på krigsminna i dalen, der vi mellom anna har laga ein krigshistorisk sti ved Høljarast, og vi har sett opp skilt og informasjonstavler ved krigsminna på Bruflat, Høljarast og Tonsåsen.
Ved krigsminnet på Høljarast har vi ei gjestebok, som syner at det har vore mange fleire besøkjande etter at tavlene kom opp, og det gler meg stort!
Det verkar til å vere ein aukande interesse for krigsminna våre, også mellom ungdommen. Men vi har framleis ein veg å gå, for vi er enno ikkje flinke nok til å ta lærdom av historia, og omsetje det til dagens situasjon.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)