Eg vaks opp i ein heim med mykje vald, og for å få fred, gjekk eg ofte ut i skogen. Sidan eg også bestandig har vore interessert i urfolk og deira historie, tileigna eg meg mykje kunnskap om naturen, urter og andre vekstar, som har vore nytta som medisin i uminnelege tider.

Dei siste 10-12 åra har eg fordjupa meg i sjamanisme, og er no leiar for det sjamanistiske forbundet i Oppland. Sjamanismen er ein åndeleg praksis som er fleire tusen år gamal, og er ei trusretning som er godkjent av myndigheitene. Mykje av ideologien er henta frå samiske og indianske kulturar, og naturen er «kyrkja» vår. Vi meiner at alle levande skapningar er besjela, og at naturen kan gje oss svar på alle spørsmåla vi har. Derfor har vi stor respekt for alt liv.
Ved hjelp av ulike teknikkar kan vi få kontakt med naturkreftene, og åndeverda. Ein av desse teknikkane er tromming. Når ein trommar kan ein bli sett inn i ein meditativ tilstand, og det kan vere lækjande. Eg kan til dømes gå bevisst inn i noko i meg sjølv som eg ynskjer å gjere noko med, og få rettleiing på dette.

Eg er ein veldig spirituell person, og har eit sterkt forhold til bøn. Gjennom bøn kom eg for mange år sidan i kontakt med ein åndeleg vegvisar. Han dukka opp på eit fjell, og stråla ut mykje kraft og energi. Fjellet kom slik som eit sterkt bilete, og som ei stor kraft inn i livet mitt, og sidan den gongen har eg budd nær fjellet. Eg har fått av fjellet, og eg skal tilbake dit. Så når tida mi på jorda er omme, skal eg brennast, og oska mi skal spreiast i fjellet.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)