Eg er fødd og oppvaksen i Oslo, men sidan familien min har hytte i Hemsedal, vart eg tidleg glad i fjellet. Så då eg fekk tilbod om ei stilling som kiropraktor ved Valdres kiropraktikk i fjor vår, flytte eg på flekken! Dessutan har eg tre hundar, mellom anna to engelsksetterar som krev mykje mosjon, og dei set sjølvsagt også stor pris på å kome til fjells, der det er rikeleg av boltreplass.

Eg tok utdanninga mi som kiropraktor i England. Fyrst gjekk eg fem år på skule før eg flytte heim og tok eitt års praksis, og fekk master i kiropraktikk. Dernest tok eg ei tilleggsutdanning på eitt år, slik at eg også kunne behandle dyr.
Kiropraktikk på dyr er ganske nytt, og er eit tilbod mange ikkje veit om. Men sidan også dyra har musklar og skjelett, kan dei få dei same plagene som oss. Det er flest hundar og hestar eg får inn til behandling, men eg kan ta imot alle dyr som har ryggrad, alt frå papegøyar til elefantar.
Eg samarbeider naturleg nok tett med veterinærar, og vurderer frå gong til gong om eg kan behandle dyret sjølv, eller om det må tilvisast vidare. Likeeins har det hendt at eg har fått inn kompliserte tilfelle der veterinær har vore inne, men der det ikkje er funne nokon årsak til plagene. Og når eg då har klart å hjelpe dyret til å blir friskt att, er det sjølvsagt gledeleg.

På det personlege plan har eg ein draum om å kjøpe eit småbruk saman med kjærasten min, der vi kan halde hestar, hundar og geiter. Eg har tidlegare drive med mellom anna sprangriding, og eitt av dei største ynska mine er å byrje å ri igjen, for det saknar eg veldig.

 (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)