Eg vaks opp på Oppsal i Oslo, rett ved Austmarka. Frå eg var ein smågut, tok mor mi meg med på mange turar, og Austmarka vart på ein måte eit klasserom for meg. Her lærte eg å setja pris på naturen, og dyra som ein naturleg del av den. I 1974 vart det brått bestemt at vi skulle busetje oss i Røn, der mor mi vaks opp. Her kom eg endå tettare på naturen, og eg fekk ei auka interesse for rovdyr.

Eg må seie eg er oppgjett over kor unyansert syn det er på rovdyra våre, og då særleg ulven. Av 2,7 millionar sau som går på beite her til lands, blir om lag 120 000 borte. Av dei som blir borte tek rovdyra anslagsvis 10%, og ulven berre 10% av det igjen. Det er med andre ord godt over 100 000 sauer som døyr av andre årsakar enn rovdyr, men det er det lita merksemd rundt. Det er heller ikkje registrert noko ulveangrep (ville ulvar) på menneske sidan registreringane tok til i år 1800, så frykta mange har for ulven i dag, er ikkje reell.

I staden for å skyte ulven, meiner eg at bøndene må få hjelp til å sikre dyra sine, anten ved å få sett opp rovdyrsikre gjerder, eller ved å gjete dei. Likeeins bør «feller» i naturen, i form av myrhol og skrentar, gjerdast inn og sikrast, slik at dei ikkje utgjer ein fare for beitedyra.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)