Mora mi var frå Ulnes, men ho flytte til Oslo 15 år gamal. Og då eg sjølv vart 15, berre eit par dagar etter at eg var ferdig på ungdomsskulen, flytte eg frå Oslo til Valdres. Eg har mykje slekt her, og kjenner ei sterk tilhøyring til garden, så eg følgde hjarta og reiste «heim».
Eg byrja på husstell og saum ved Leira vidaregåande skule, og sidan gjekk eg Husflidskulen. No driv eg for meg sjølv som bunadtilverkar, etter at eg for nokre år sidan vart ferdig med ei bunadopplæring over tre år, med tilhøyrande praksis hjå Grethe Rudi Bråten ved Valdres Folkedraktsaum.
Alt eg lagar er sydd for hand, det vere seg skjorter, bunadar eller jakker, og eg følgjer dei tradisjonelle måtane å tilverke det på. Det er mange detaljar som ved fyrste augekast kan virke tilfeldige, men dei tener alle ei hensikt.
Eg synest at bunader tilverka i utlandet er ein skam. Dei rettar seg ikkje etter tradisjonane, stoffet er av dårlegare kvalitet, og dei er sydde med maskin utan omsyn for handverksfaget. Mange av detaljane vert også sløyfa.
For meg er det viktig å behalde dei norske tradisjonane, bevare det originale, og føre det vidare. Og for å seie det rett ut: Der eg leverer ein Rolls Royce, tilbyr utlandet ein Lada, så ein får i høgste grad det ein betalar for!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)