Eg lærte det fyrste gitargrepet då eg var seks år gamal, og sidan har musikken hatt ein stor plass i hjartet mitt. Eg byrja også å spele piano tidleg, og var med i korps, og sidan i eit gospelkor.
For 20 år sidan starta eg opp eit band som vi kalla «Jetz». Vi gav ut 3-4 cd´ar, og reiste rundt på turnear, men gav oss for ein del år sidan. No i seinare tid har vi funne saman att, og har teke til att med øvingar.
Av yrke er eg musikklærar i kulturskulen, og dirigent i Hedalen songkor. Eg må seie det er veldig gjevande å få undervise dei unge i noko eg sjølv har hatt så stor glede av heile livet.
Elles er eg glad i å reise, og prøver å få til minst ein tur kvart år. Eg har vore sju gonger i Etiopia, og den fyrste turen hit, gjorde noko med meg. Ja, eg vil seie det så sterkt at eg fekk eit anna syn på livet. Folka der er så utruleg gjestfrie. Dei lever i stor fattigdom, men eg vart likevel beden inn i fleire heimar og gjeve mat, sjølv om dei kanskje ikkje hadde nok til å bli mette sjølve. Og når vi ser at Etiopia har teke imot 5 millionar flyktningar endå så fattige dei er, kan vi som nasjon og folk kanskje gå litt i oss sjølve. Vi er eit av verdas rikaste land, men tel likevel på knappane, og skal helst ikkje ta imot nokon. Så er det noko vi kan trenge meir av her til lands, er det opne sinn og opne armar.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)