Eg har bestandig vore fascinert av offroad-bilar, ATV’ar og andre terrenggåande køyretøy, så då eg fekk sjå ein fatbike for fyrste gong, likte eg han med det same. Og då eg fekk prøve ein slik sykkel, vart eg imponert over kor lett han tok seg fram, og kor lite slitasje den forårsaka i terrenget. Så det tok ikkje lange stunda før eg kjøpte meg ein.
Med sine breie dekk er den svært anvendeleg, og eg brukar han kvar dag, både sumar og vinter. Frå før dreiv eg med spinning, men med ein slik sykkel kjem eg meg meir ut, og det har gjeve meg mange fine naturopplevingar. Samstundes er det fin trening.
Når vi fyrst er inne på naturopplevingar, må eg fortelje at eg ein periode hadde ekstrajobb på Dikemark. Ein av kollegaene mine der var opphavleg islending, og for fire år sidan inviterte han meg til fødelandet sitt. Eg vart reint hugteken av landet, både av folket, kulturen og landskapet, og sidan har eg vore der kvart år. Sist eg var der hadde eg med meg kjærasten min, og vi var der ei veke. Då leigde vi oss ein bil og køyrde rundt heile øya.
For meg verkar islendingane til å vere jordnære, og dei er flinkare til å halde fast ved tradisjonane sine, enn det vi er. Dei er òg veldig opne og gjestfrie, så eg vil anbefale alle som ikkje har vore der, til å ta seg ein tur.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)