Eg vaks opp i Viña Del Mar midt i Chile, om lag ein kilometer frå havet. Her var det fin natur, mange fjell og markerte årstider. Vi fiska og bada ofte, og syntest vi hadde det veldig fint.
Men etter at president Allende vart styrta i eit militærkupp i 1973, vart Chile styrt som eit militærdiktatur fram til 1990. Det vart innført portforbod, soldatar patruljerte gatene, og det var mangel på nesten alle varer. Dette førte til stor ubalanse og mange protestar, for folket ville ikkje ha det slik.
På grunn av den vanskelege situasjonen, flykta mange chilenarar ut av landet. Sjølv lånte eg pengar av bror min i 1988 og reiste til Stryn, før eg to år seinare flytte vidare til Øystre Slidre. Sidan har eg jobba som miljøarbeidar, og då kommunen hjelpte meg med utdanning slik at eg vart helsefagarbeidar i år 2000, var eg både stolt og takksam.
Eg har hatt fibromyalgi i mange år, og er plaga med mykje smerter. Eg er flink til å trene og går fast til fysioterapi, men sjukdommen og smertene har likevel vorte verre. Smertene gjer at eg blir fort sliten, og eg har også vorte meir gløymsk.
For å ikkje berre sitja inne og synast synd på meg sjølv, men heller prøve å få tankane over på noko anna, har eg laga meg til ei «furtebu». Her driv eg med treskjering og anna trearbeid, og lagar mellom anna veggklokker, blomsterkasser og fuglehus. Då får tankane flyte fritt, og i staden for mismot, kjenner eg på gleda over å skapa noko.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)