Draumen min om å bli kunstmålar kom då eg gjekk på barneskulen, etter at Ralph Styker teikna meg på tavla i klassen. Men det var ingen som støtta meg i kunstnardraumen, så eg tok i staden tekstil- og keramikkutdanning, og vart formingslærar på ein folkehøgskule i Troms. Elevane var berre nokre få år yngre enn meg, og det var vanskeleg å halde disiplin i klasserommet. Dette gjorde at eg vart litt skremt, og lærarkarrieren vart lagt på hylla for godt.
Deretter flytte eg litt rundt, men etter 12 år utanfor Valdres, fann eg ut at eg ville ta ein snøggtur heim. Men då møtte eg Leslie Ayres; ein biletkunstnar som absolutt ville bu ved Jotunheimen, og det enda i giftemål. Vi fekk ein bustad med utsikt mot fjellheimen i bryllaupsgåve av foreldra mine, så snøggturen vart ikkje så snøgg som eg hadde meint.
Eg dreiv lenge med batikk, også før eg vart gift, men ga meg på grunn av alle giftstoffa. Sidan har eg drive med akrylmåling, og hadde mi siste separatutstillinga i 2012. Etter den tid har vi pussa opp husa på garden, og eg har vore nøydd til å bytte ut båe hofteledda, så eg har ikkje fått måla nok bilete til ei ny utstilling enno. Men når eg berre får måla fleire, vonar eg å få stilt dei ut.
Vi har hatt frie yrke, Leslie og eg, men han har vore mykje oppteken. Difor har eg vore på studiereiser i fleire verdsdelar på eiga hand, og var mellom anna borte nær eit år for å lære meir om batikk hjå nokre aboriginarar i Australia, og hjå ein kunstnar i Malaysia. Men av alle dei stadene eg har sett, kan eg med handa på hjartet seie at eg ikkje har funne nokon vakrare plass, enn her eg bur no!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)