Etter å ha jobba som sjukepleier nokre år, vart eg gravid med dottera vår. Då eg fødde, fekk eg akupunktur som einaste  smertelindring, og eg vart nysgjerrig på å finne ut meir. Derfor tok eg ein bachelorgrad i akupunktur i 2006, og byrja som akupunktør her på Fagernes. Året etter tok eg eit kurs i barneakupunktur, og behandlar difor også barn.

Akupunktur er ein vel 3000 år gamal behandlingsmetode, som byggjer på teorien om yin, yang og Qi. Yin og yang er to motsetnader som er avhengige av, og utfyller kvarandre. Qi er ein vital energi som sirkulerer i 14 energikanalar, eller meridianar, i kroppen, og som gjev næring til ulike organ.
Sjukdom blir sett på som ein ubalanse i dette energisystemet, og akupunktørens oppgåve er å gjenopprette energibalansen hjå pasienten. Det blir gjort ved å stikke tynne nåler langs meridianane, slik at Qi får flyte fritt. For når Qi flyt fritt, er vi ved god helse.
Nålene står vanlegvis inne i 20-40 minutt, og dei aller fleste pasientane seier at det ikkje gjer vondt.

Ved sida av smertelindring, er behandlinga godt eigna ved muskel-, skjelett- og utmattingslidingar, søvnproblem, allergi, og ulike betennelsar og infeksjonar. Før ein fødsel blir det brukt som smertelindring, og for at den fødande skal få slappe av.
Behandlinga gjer at kroppen behandlar seg sjølv, mellom anna ved at nålene stimulerer kroppen til å skilje ut endorfin og serotonin.
Det er stadig fleire som får akupunktur, og ein av dei store fordelane, er at ein ikkje får biverknader.
Sjølv om akupunktur er ein gamal behandlingsmetode, blir det gjort mykje ny forsking. Interesserte kan gå inn på akupunktur.no, for å finne ut meir.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)