Eg arbeider i psykisk helseteneste i kommunen, og er særleg oppteken av å sjå ting frå eit born sin ståstad. Dette heng nok saman med at far min døydde brått av hjarteinfarkt, berre 59 år gamal. På den tida hadde eg tre små born å ta meg av, så eg hadde på ein måte ikkje tid til å arbeide med sorga. Derfor la eg eit lok på kjenslene mine, og freista å gøyme dei bort. Men kjenslene lèt seg ikkje stogge, så etter nokre månader møtte eg veggen, og fekk òg nokre fysiske plagar. Det var ei tøff tid.

Denne erfaringa førte til at eg vart meir oppteken av korleis born vert påverka når familien er i krise, og korleis heilskapen i tilværet spelar inn på dei. For sjølv om ungane er små, forstår dei kanskje meir enn vi trur. Så eg har teke vidareutdanningar innan psykisk helsearbeid, nettverksmøte og relasjonskompetanse, og som klinisk spesialist i barn og unge si psykiske helse, for å auke min kompetanse.

Det kan vere utfordrande å arbeide med born, for når dei opplever noko vondt, skjer det i hjartene våre. For å kople ut hovudet, og få tankane over på noko anna, kan det vere lurt å dyrke ei interesse på fritida. For min del likar eg godt å drive med snikkararbeid, og eg har mellom anna bygd eit lysthus, og mura opp ein utepeis sjølv. Ved sidan av at eg på denne måten får kopla ut tankane, gjer det godt å skape noko, og sjå eit konkret resultatet av det.

 (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)