Heilt frå eg var liten har eg likt vinteren, og hatt interesse for snø og snøplogar. Og då eg var sju-åtte år gamal, laga far min ein snøplog til meg. Denne festa eg til ramma på ei barnevogn, som eg skauv rundt på gardsplassen og rydda snø med. Noko seinare laga han ein snøplog til, og då eg var tidleg i tenåra, laga eg min fyrste plog med tilhøyrande vogn sjølv. Dette gav meirsmak, for då eg vart 17, bestemde eg meg for å lage plogen som eg brukar på traktoren no. Denne plogen, ein såkalla diagonalplog, er ei miniatyrutgåve av ein av Øveraasen sine modellar, som blir brukt på lastebilar.
Eg har ikkje gått på kompromiss når det gjeld kvalitet, og har ikkje vorte freista til å ta snarvegar, sjølv om eg til tider har vore motlaus over alt arbeidet som har ligge føre meg. Plogen er den einaste i sitt slag, og alt er laga frå botnen, så eg har vore nøydd til å lage også plogfestet sjølv. Det har vore mykje å setje seg inn i, og mange avgjerder å ta med omsyn til utforming og dimensjonar, og eg har stort sett ikkje hatt anna verktøy å hjelpe meg med enn vinkelslipar og sveiseapparat.
Men noko har eg fått hjelp til. Knut Magnus Buajordet har dreia fleire delar, og ein nabo av meg, Tor Asbjørn Kompelien, har stått for lakkeringa, og det er eg veldig takknemleg for.
Det tok meg i alt sju år frå eg tok til med plogen, til han var ferdig, og han har nok kosta meg oppunder 60.000 kroner. Men eg er særs nøgd, og er stolt over at eg fekk det til.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)