Ein gong, medan eg dreiv og kappa ved for 15 år sidan, sette det seg fast ein grov kubbe i vedmaskina. Eg sparka laus kubben med foten, men det gjekk så gale at foten vart kutta av nede ved okla. Foten var så øydelagt at det ikkje gjekk an å sy han på att, så eg måtte byrje med protese.
Fleire år tidlegare, i 1990, hadde eg take over garden i lag med syster mi, etter at far min vart hjartesjuk 51 år gamal. Han var ein skikkeleg arbeidsmaur, men døydde berre 67 år gamal. Det var ikkje så lett å drive garden den fyrste tida etter at eg mista foten, men eg fekk ein del hjelp av slekta, og etter ei stund gjekk det betre.

Sidan eg har 120 storfe på garden er det mykje å gjere, og det er ein del år sidan eg har hatt ferie. Og det at far min arbeidde så hardt, vart hjartesjuk og døydde tidleg, har nok skremt meg litt. Så eg har vore inne på tanken om å trappe ned, og bruke meir tid saman med borna mine, men eg har bestemt meg for å halde på litt til. For her har vore drift sidan 1930-talet, og eg vart på ein måte fødd til å drive garden vidare, så det er mange kjensler som spelar inn før den endelege avgjerda skal takast.

Bilen eg står ved sidan av, arva eg då eg var ni år gamal. Det er ein 1961-modell Ford 12M, som hadde gått 4622 kilometer då eg fekk han. Eg har berre brukt han til finbruk, og no, snart 40 år etter at eg tok over bilen, har han gått 5260 kilometer. Bilen er heilt original, og har aldri vore skrudd frå kvarandre. Det har ikkje ein gong vorte skifta dekk på han, så diagonaldekka som sit på, er dei same som då bilen var ny. Eg har vore på 11 treff med bilen, og det vart fyrstepremie kvar gong.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)