På barneskulen byrja eg å interessere meg for fuglar. Interessa held eg ved like til etter ungdomsskulen, men då dabba det av. Men for 4-5 år sidan skaffa eg meg fotoutstyr, og då vart interessa vekt på ny.

Våren er nok favorittårstida mi når det gjeld fotografering, for då kjem alle trekkfuglane tilbake. Då er det eit yrande fugleliv, og ein draum for meg som likar å ta bilete av fuglar. Men det er vanskeleg å fotografere fuglar, for dei sit sjeldan lenge i ro. Og sidan mange av fuglane er små, og ein ikkje kjem så nært innpå dei, treng ein eit objektiv med kraftig zoom for å fange dei inn. Dessutan er det naudsynt med ein viss kvalitet på utstyret for å få skarpe bilete, så det er ein ganske dyr hobby.

Eg er medlem av Norsk Ornitologisk Forening si avdeling i Valdres; «Ørrin». Her kjem eg i kontakt med andre som deler same interesse, og det hender vi dreg på turar for å sjå andre fuglar enn vi er vande med, eller for å sjå meir sjeldne artar. Vi reiste til dømes til Runde på Mørekysten i fjor sumar for å sjå den store fuglekolonien der, og for nokre månader sidan vart det observert isfugl på Gjøvik, noko som er sjeldan så langt nord. Men det hender det dukkar opp meir sjeldne fuglar i Valdres òg; eg har til dømes sett både mandarinand og stripegås her.
Det er uansett artig å reise ut av distriktet, slik at ein kan sjå andre fugleartar enn dei vi har her heime. Og det å få høve til å gjere det i lag med andre, gjer opplevinga enno større.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)