Sidan både far min og bror min var interesserte i bil, og dessutan nokre av kompisar mine, vart også eg biten av basillen. Dette har medført at eg har eigd nokre titals bilar gjennom åra, og nett no har eg 16, der seks av dei har skilt. Eg skrur og tek meg av alt det mekaniske sjølv, medan eg set bort oppretting og lakkering til andre.

Nitti prosent av bilane eg har hatt er Opel, og det er dei gamle bakhjulstrekkarane eg likar best. Av bilane eg har no, er det nok den bak meg som er den gjævaste, ein 1968-modell Opel Kadett Rallye coupe 1900. Eg har vore på 15 Opel-treff med denne bilen, og har fått åtte premiar for han.
Rallye coupe er ein ganske sjeldan bil som det ikkje vart selt mange av, fordi han hadde større motor, og var derfor noko dyrare enn ein standard Kadett B. No i dag er det nok ikkje meir enn 20-30 Rallye coupe registrert i Norge.

Eg er glad for at det er så godt bilmiljø i Valdres og Oppland, for det er artig når ein møter andre med same interesse, og kan bli kjend med så mange fine folk. I denne samanhengen må eg nemne at vi er ein gjeng motorinteresserte som møtest på Bergfossenteret på Dokka kvar veke, til sosialt samvær, kaffi og mat. Og ikkje nok med det, vi har jamvel julebord kvart år!

Det likaste eg veit, er når det er fint summarvær ein laurdag, eg har god tid, og kan ta ein tur med ein av veteranbilane mine. Den kjensla eg får av å ha fridom til å gjere kva eg vil, at eg kan stoppe for å ete middag ein stad, og berre nyte dagen, nei, den kan ikkje målast i pengar! På slike dagar kjenner eg meg levande, og at eg får løn for all tida eg har brukt på å setje bilane i stand.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)