Eitt av dei kjæraste minna eg har, var då eg som smågut fekk vere med bestefar min å køyre mjølkebåt på Storefjorden. Dette var før det vart bygd ordentleg veg til stølane i området, så mjølka vart henta med båt. Vi måtte tidleg opp; klokka var berre fire då vi gav oss i veg i morgonstilla.
Det var posthus på Nøsen på denne tida, og det var han bestefar som tok med posten til stølane rundt fjorden. Vi var som regel framme på Nøsen ved åttetida om morgonen, og dersom beteninga åt frukost når vi kom, vart vi bedne til bords. Eg syntest det var gjævt å kome til dekka bord, og få sitje saman med dei andre vaksne. Dessutan var eg svolten etter fleire timar på fjorden, så maten smakte godt.
Det å arbeide har heile tida vore viktig for meg, og eg var ikkje meir enn sju år då eg byrja å jobbe. Då vart alt fôret på garden slegen med ljå, og arbeidet tok til klokka halv fire om morgonen. Vi dreiv ofte på til både elleve og halv tolv om kvelden før vi gav oss. Og når vi var ferdige med å slå på garden, reiste vi til stølen og slo der. Slik dreiv vi på heile sumaren.
Men då eg vart konfirmert, hadde eg tent nok pengar til å kjøpe ei motorslåmaskin. Det var ikkje så mange som hadde slik reiskap då, og eg reiste rundt på fleire gardar og hjelpte til med slåtten.
Sjølv tok eg over garden her i 1973, og dreiv med mjølkekyr dei neste 40 åra. Ved sida av garden hadde eg ei rekkje jobbar, til dømes snikkar- og skogsarbeid, eg var feiar i 20 år, og vaktmeister i 23 år, og dreiv dessutan med ein del taktekking, samt muring av piper.
Etter at eg vart pensjonist, har eg vore støttekontakt for to personar, og hjelpeverje for to andre. Eg er glad for at eg enno kan gjere ein innsats, for eg er ikkje skapt for å sitje på ræva!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)