Eg gjekk av med pensjon i 2005 etter vel 30 år som lærar. Rett før eg vart pensjonist hadde eg mange hyggelege samtaler med folk, som etterkvart vart til fire bøker med ulike livshistorier. Eg er glad for at eg fekk lov å skrive ned historiene deira, så dei kunne bli bevara for ettertida.

Eg likar òg å måle, både akvarell og akryl, og kvar veke er eg med på seniordans på Vikatunet. Vi er meir enn 30 stykke på seniordansen, og det gjer god trening både fysisk og mentalt. Dessutan er det veldig triveleg og sosialt.

Elles er eg glad i å reise. Diverre vart eg enkje for tjue år sidan, men eg har heldigvis ei trufast reisevenninne. Vi prøver å få til to utanlandsturar kvart år.

Ei anna stor interesse eg har er sykkelturar. Eg fekk meg elsykkel for 5-6 år sidan, og den kan eg ikkje få skrøytt nok av!  Det gjev meg ei enorm fridomskjensle når eg susar opp bakkane, fleire gonger raskare enn eg kunne fått til med ein vanleg tråsykkel.

Eg har hatt mange fine turar med sykkelen. Her til lands har eg mellom anna sykla Rallarvegen, på Mørekysten og Helgelandskysten, og eg har hatt fleire fine turar på fjellet. Utanlands har eg sykla i Berlin, Italia, Kreta og Mallorca, og eg har vore på tre turar langs Donau. Men det er ikkje så lett å få med nokon på min eigen alder på sykkeltur, så då eg sykla i Dolomittane i fjor, tok eg med meg son min!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)