Då eg var lita syntest eg det var stas å få vere med på jobb i lag med mor mi, som var tenestejente, og far min, som køyrde lastebil. Og heilt sidan den gong har eg likt å ha mykje å gjere, både når det gjeld jobb, hobbyar, politikk, samt lag- og foreiningsarbeid.

Men eg har òg sett andre sider ved livet. Då eg var ni år gamal tok bestefaren min livet sitt, og seinare var eg med å pleie både far, mor, bestemor og bror til dei døydde. Rett etter tenåra budde eg i Oslo nokre år, der eg mellom anna råka borti ein del alkoholikarar som eg tok meg tid til å bli kjend med. Eg lærte å sjå dei som likeverdige menneske, og innsåg at vi inst inne er like alle saman. Og då eg vart sosialsjef i Etnedal kommune i 2006, fekk eg god bruk for alle erfaringane eg hadde hausta gjennom livet.

Eg er etnedalspatriot, og stemde mot kommunesamanslåinga i Valdres. For viss alt skal administrerast frå Fagernes, kor blir det av Etnedal då? Kvifor skal ein bli større når det er så mange fordelar ved å vere liten?
På bygda er det lettare å gå inn i til dømes ein familie, og hjelpe dei til å ordne opp i problema sine sjølve. For skal ein hjelpe folk må ein møte dei, og ikkje tru at alt kan løysast frå ei maskin.
Det er også mykje lettare å få tak i samarbeidspartar, slik at ein snøgt kan finne gode løysingar. Dessutan er ikkje Valdres eit lite, flatt område. Her er kupert og store avstandar, så det tek tid å kome seg til og frå, og det vil gå med mykje tid og pengar til reising. Så om reknestykket ser fint ut på papiret, ser det verkelege reknestykket kanskje heilt annleis ut.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)