Eg har vore sportsinteressert heile livet, og dei siste 15 åra har eg reist utanlands med nokre kameratar, på ulike sportsarrangement. Av store opplevingar kan eg nemne «el classico» i Barcelona; fotballklassikaren mellom Barcelona og Real Madrid, samt fleire fotballkampar på øvste nivå i England. Ei anna oppleving som gjorde inntrykk, var då eg var på ein fotballkamp i Hamburg seinhaustes 1989, den fyrste helga etter at berlinmuren vart riven. Det var mange aust-tyskarar i gatene, og dei kjøpte store mengder appelsinar. Det kom av at dei knapt hadde sett frukt før, sidan dei stort sett var vane til surrogatprodukt i Aust-Tyskland.
Her heime har eg vore lagleiar for fotballen i Sør-Aurdal i 20 år. Eg har òg hjelpt til under Beitosprinten dei siste fem åra, og eg stiller opp for Valdres FK no og då. Elles er eg veldig glad i å vere ute i naturen, og har vore mykje på fjellet i Vestre Slidre. Dei to siste åra har eg gått den delen av Kongevegen som går ned mot Lærdal, men no til sumaren vil eg gå på valdressida.
Eg vil òg nytte høvet til å skrøyte av dei gode helsetenestene vi har her til lands. Eg vart nemleg sjuk av helveteseld i vinter, og var heilt utslegen i ein månad. Då fekk eg sjå kor godt systemet verka, etter to veker på sjukehus. Men nesten enno betre var det å sjå kor mykje familie, vener og kollegaer stilte opp for meg. Dei hjelpte meg gjennom heile sjukdomsperioden, og sytte for at vegen tilbake til kvardagen, vart så lett som råd.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)