Tag

Aberdeen Angus

Siri Ødegaard, Øygarden, Etnedal/Begnadalen, fødd 1971

Eg hadde ein trygg og god oppvekst på eit mjølkebruk i Etnedal. Det var mykje å gjere, og mange ulike arbeidsoppgåver å løyse. Eg og dei tre syskena mine hjelpte sjølvsagt til, noko som gav god læring til seinare i livet. I tenåra var eg au pair i Sveits eitt år, før eg tok utdanning innan språk, filosofi og religion, og var lærar i Trondheim, Nordre Land og heime i Etnedal dei neste åra. Så overtok eg garden i 2010, tok agronomutdanning, og byrja med mohairgeiter – for eg ville drive garden på min måte. Ved sida av garden, hadde eg ein fantastisk jobb i kommuneadministrasjonen, og var assisterande rådmann på slutten. Men eg slutta til nyttår i fjor, og valte å gje slepp ein sikker jobb for å satse på gründerdraumen på Piltingsrud gard i Begnadalen. Eg hadde nemleg møtt ein kar med dei same verdiane og ambisjonane som meg, og vi var einige om at vi skulle satse på denne tradisjonsrike storgarden ved elvebreidda til Begna. Her på Piltingsrud er det skogsdrift og kjøtproduksjon, og frå sumaren blir vi også ein overnattings- og opplevingsgard. Eg tok med meg dei 40 mohairgeitene mine frå Etnedal, og sel skinnfellar, garn og ulike strikka produkt av mohairull i gardsbutikken vår, der vi også har ulike kjøtprodukt av vilt og storfe til sals. Vi har 200 aberdeen angus storfe, eit par dølahestar og ein lama som vaktar geitekillingane, og skal også få oss eit par grisar for å gjere garden endå meir barnevenleg. Det er lange dagar med mykje jobbing, for vi må ruste opp garden slik at vi kan gje gjestene ei best mogleg oppleving. Det som driv oss, er å ta vare på dei ressursane vi har, både i oss og rundt oss, og skape noko som kan glede andre menneske. Sidan dette i tillegg gjev arbeidsplassar til bygda, kan vi leve godt i vissheit om at vi har skapt noko bra. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tor-Gunnar Hambro Melbye, Sælshagadn, Heggenes, fødd 1985

Då eg var yngre, hjelpte eg til på garden hjå besteforeldra mine i Vestre Slidre, der dei dreiv med mjølkeproduksjon. Eg var hjå dei i helgene og feriane, og vart slik tidleg begeistra for gardsdrift, kyr og traktorar. Så då svigerfaren min døydde, tok vi over garden hans. Svigerfar hadde tidlegare drive med sau og rev, men sidan han var lærar på heiltid, såg han seg nøydd til å gje seg med dyra. Fjøset bar preg av at det ikkje hadde vore drift her på mange år, så i 2014 bygde vi nytt. Alt i alt har vi investert fleire millionar i garden, for eg har trass alt tru på at det er mogleg å leve av å drive gard, sjølv om det både er vanskeleg og tøft. Det er uendeleg mykje arbeid som skal gjerast på garden, dessutan prøver eg å hjelpe til ved «Kollstad lakk og sandblåsing» kvar dag, som er lakkeringsverkstaden til far min. Så det blir lange dagar, men eg tek ein ting om senn. På garden driv vi med kjøtproduksjon, og har 25 mordyr av arten Aberdeen Angus, i tillegg til 40 vinterfôra søyer. Stølen vår ligg på Vesleskag, 1100 m.o.h., der kyrne beitar heilt opp mot 1450 m.o.h. i sumarhalvåret, og det trur eg gjev høg kvalitet på kjøtet. Dessutan er nedbeitinga av stor verdi for kulturlandskapet. No sel vi kjøt frå ei internettside vi har, lunngard.no, der det er mogleg å kjøpe 10 kilos pakningar med biff og kjøtdeig. Det var etter at eit vennepar ynskte å kjøpe kjøt av oss, at vi fann ut at vi skulle selje på nettet. Elles spelar eg gitar og bass i gruppa «Skarvemellen». Eg har ofte ikkje tid til å vere med på øvingane,  men når dei vil ha meg med på spelejobb, prøver eg å bli med. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑