Tag

Akupunktur

Kristine Granli, Beitostølen, fødd 1966

Dei fyrste åra mine i arbeidslivet, jobba eg så mykje at eg vart sjuk av det. Eg var fyrst butikksjef for klesbutikken Twins med ansvar for fire butikkar, før eg vart dagleg leiar for klesmerket Ball. Ikkje berre sleit eg meg heilt ut, det kjendest også meiningslaust å berre jobbe for pengar. Eg ville mykje heller gjere noko eg kunne vere stolt av; eg ville hjelpe andre. Derfor tok eg ei rekkje studiar og kurs innan medisin, terapi og massasje, og starta ein klinikk i Oslo som gjekk veldig bra. Sidan eg er veldig glad i fjellet og naturen, og Oslo er hektisk og bråkete, kjøpte eg ei leilegheit på Beitostølen i 2004. Dette vart ein fristad for meg, og det vart mange turar oppover. Men ein dag fann eg ut at eg like gjerne kunne flytte til Beitostølen for godt, for det var her eg likte aller best å vere. På Beitostølen opna eg ein ny klinikk, Helseglad, der eg tilbyr massasje, ulike typar akupunktur, soneterapi, og tre ulike typar healing. Eg er også personleg trenar. For meg er det viktig å gje best mogleg hjelp til så mange som råd, så eg har eit breitt spekter med tilbod. Eg held meg sjølvsagt fagleg oppdatert, og tek stadig utdanningar og kurs for å utvikle meg. Dei ulike behandlingsformene eg tilbyr, med det reint skulemedisinske i kombinasjon med ei åndeleg tilnærming, gjev også ei meir heilskapleg behandling, som betre kan tilpassast kvar enkelt. Om lag 90% av pasientane mine er fastbuande valdrisar, og eg vil nytte høvet til å rette ein stor takk for den tiltrua og openheita dei har vist meg, ved å prøve dei ulike behandlingane mine. Eg angrar ikkje på at eg valte ein annan kurs i livet, for no er eg lykkeleg. Og mykje av det skuldast at det er så mykje meir gjevande å hjelpe folk, enn å berre jage etter pengar. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marianne Rognås Larsen, Fagernes, fødd 1973

Etter å ha jobba som sjukepleier nokre år, vart eg gravid med dottera vår. Då eg fødde, fekk eg akupunktur som einaste  smertelindring, og eg vart nysgjerrig på å finne ut meir. Derfor tok eg ein bachelorgrad i akupunktur i 2006, og byrja som akupunktør her på Fagernes. Året etter tok eg eit kurs i barneakupunktur, og behandlar difor også barn. Akupunktur er ein vel 3000 år gamal behandlingsmetode, som byggjer på teorien om yin, yang og Qi. Yin og yang er to motsetnader som er avhengige av, og utfyller kvarandre. Qi er ein vital energi som sirkulerer i 14 energikanalar, eller meridianar, i kroppen, og som gjev næring til ulike organ. Sjukdom blir sett på som ein ubalanse i dette energisystemet, og akupunktørens oppgåve er å gjenopprette energibalansen hjå pasienten. Det blir gjort ved å stikke tynne nåler langs meridianane, slik at Qi får flyte fritt. For når Qi flyt fritt, er vi ved god helse. Nålene står vanlegvis inne i 20-40 minutt, og dei aller fleste pasientane seier at det ikkje gjer vondt. Ved sida av smertelindring, er behandlinga godt eigna ved muskel-, skjelett- og utmattingslidingar, søvnproblem, allergi, og ulike betennelsar og infeksjonar. Før ein fødsel blir det brukt som smertelindring, og for at den fødande skal få slappe av. Behandlinga gjer at kroppen behandlar seg sjølv, mellom anna ved at nålene stimulerer kroppen til å skilje ut endorfin og serotonin. Det er stadig fleire som får akupunktur, og ein av dei store fordelane, er at ein ikkje får biverknader. Sjølv om akupunktur er ein gamal behandlingsmetode, blir det gjort mykje ny forsking. Interesserte kan gå inn på akupunktur.no, for å finne ut meir. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑