Kvar sumar i ungdomsåra reiste eg opp til garden som onkelen og tanta mi eigde, for å hjelpe til. Draumen var å ta over drifta, og i 2009 vart draumen verkeleg. I mellomtida gjekk eg mellom anna kunsthandverksskulen, eg tok ein bachelor i landbruksteknikk, og ein master i reiseliv og landbruk. Garden har vore i familien i fem generasjonar, og har autentiske bygg frå fleire hundreår som vi vøler på. Her var mjølkekyr, men vi har no starta med dølafe – som er kritisk utryddingstruga – og driv med kjøtproduksjon. Utanom garden jobbar eg i Ungt Entreprenørskap (UE), og driv med eigne prosjekt. Mellom anna lagar vi talglys av ekte talg som vi sel til besøkjande og i utvalde butikkar. Vi har også hatt quizkveldar og gardskafé, og har arrangert guida turar til Breieleiren. Når det gjeld jobben i UE, går den ut på å reise rundt på grunn- og vidaregåande skular, for å inspirere unge til å tenkje nytt, og skape verdiar. Målet er å gjere det attraktivt for dei unge å busetje seg i Valdres etter enda skulegang. Eg er også med i prosjektgruppa for makerspace, der elevane får lære koding, som er ein essensiell kunnskap for dei som veks opp i dag. For meg er bygningsvern, og det å skjøtte kulturarven, ressursane og miljøet, viktig. Ved å ta vare på bygningane blir det ikkje berre meir interessant å ta over garden, det blir også høve for fleire til å oppleve korleis det var. Derfor ynskjer vi å formidle kunnskap om gamle dagar, og sjå kva vi kan lære av dette i dag. Elles er eg glad i å vere ute, og kosar meg skikkeleg når eg kan spenne på meg skia rett utanfor døra, og legge i veg. Mannen min, dei to sønene, og yngstejenta vår på eitt år – som eg dreg i pulk – er med, og inne i skogen tenner vi bål, grillar pølser og drikk solbærtoddy. Betre kan ein ikkje ha det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg er fødd og oppvaksen rett utanfor Jessheim, men reiste til Hedalen i alle feriar og mange helger, sidan far min og foreldra hans kjem herifrå. Då var vi på mange turar ute i naturen, både på ski og til fots, og eg var også ivrig med fiskestonga. Derfor vart eg tidleg glad i naturen – eg fekk eit nært forhold til Hedalen, og har hatt ein draum om å flytte hit så lenge eg kan hugse. Så eg byrja å sjå etter arbeid her, og vart veldig glad då eg fekk jobb i fabrikken hjå Hedda hytter i 2004, der eg no er fabrikkleiar. På fabrikken produserer vi element, der veggseksjonane blir laga ferdige med vindauge, isolasjon, innvendig og utvendig panel, så hyttene er raske å sette opp. Utanom arbeidet har eg behalde friluftsinteressa, og er ofte fisketur, eller eg går ein tur i naturen. Om vinteren likar eg å pilke, eller eg tek meg ein skitur. Eg har også eit par turvener; ein Alaska husky som held meg med selskap, og når sonen min er med fyrar vi opp eit bål, for det er med på å gjere turen ekstra triveleg. Eg er interessert i gamalt handverk, og har vore på smikurs dei to siste vintrane. Eg har ei esse, men sidan eg må stå ute på gardsplassen når eg skal smi, vart det ikkje noko smiding no i sumar på grunn av turken. Så det blir nok til at eg set meg opp ei smie. Eg er også interessert i norrøn mytologi og historie, og var på vikingtreff i Gudvangen no i sumar. Her er det ein vikinglandsby med marknad og sal av handverk og varer med tilknyting til vikingane, så det var artig å sjå. Elles køyrer eg ein 2001-modell Harley Road King med 1450 m³ motor, og har også ein Harley-Davidson Sportster ståande. Den har eg tenkt at kjærasten min skal få køyre berre ho får teke lappen, og då håpar eg at vi får mange fine turar saman. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg har lenge hatt lyst til å byrje med lafting, og har drive å klundra litt for meg sjølv. Men det var fyrst då eg vart med på eit laftekurs tidlegare i år, at eg verkeleg fekk dreisen på det. No har eg så smått byrja å setje opp eit lite anneks i laft, og eg har dessutan fått skore opp noko 8 toms furutømmer, som eg skal lafte ei stove av. For ei tid tilbake pussa eg opp ein moped frå botn, og no har eg plukka frå kvarandre ein gamal Ford 4000 traktor, som eg skal setje i stand att. Då eg vart konfirmert tidlegare i år kjøpte eg ein bil, ein Volvo 940 1995 modell, for konfirmasjonspengane. Bilen var temmeleg strøken, med unnatak av ein noko bulka framskjerm, så eg har retta opp skjermen, og gjort han klar til lakkering. Det har seg nemleg slik at eg likar alt som durar, så eg har både bil, seks motorsager, traktor og moped. Eg gler meg til eg blir 16 år i februar, så eg kan byrje å køyre moped. Bestefar min er med meg når eg øvingskøyrer; han køyrer bak med motorsykkel, og eg putrar fremst på moped. Han bestefar er forresten eit stort førebilete for meg. Han er både hjelpsam og snill, seier aldri nei, og er med på alt eg ber han om. Han kan og veit mykje om mangt, så dersom eg er i tvil om korleis noko skal gjerast, tenkjer eg på han, og korleis han ville løyst det. Når eg blir ferdig på ungdomsskulen til våren, vil eg ta naturbruksfag det fyrste året på vidaregåande, skogbruk det andre året, for så å bli lærling det siste året. Målet er at eg skal byrje å køyre hogstmaskin. For det likaste eg veit er å vere ute. Når eg er ute i skogen og høgg tømmer, og fyrar opp eit bål der eg kokar kaffi og steikjer flesk, då kan eg ikkje betre ha det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg har no vore frisør i vel 50 år på Fagernes. Det heile starta då eg byrja i lære hjå Sverre Hagaseth, der Cirkle K stasjonen ligg i dag. Her var det parfymeri i fyrste etasje og frisørsalong i etasjen over, ein kombinasjon som førte til at han gav bedrifta si namnet Combi. Etter ei tid kjøpte eg herresalongen og starta for meg sjølv, og leigde lokale i etasjen over der Skogstad hadde klesforretning. Til å byrje med dreiv eg åleine, men etter kort tid vart Gunnar Skogen tilsett, og han arbeidde hjå meg i mange år. Dei siste tre åra har dottera mi jobba i lag med meg i salongen. Eg har ingen planar om å gje meg enno, men når den dagen kjem, er det ho som skal overta drifta. Det artigaste eg har opplevd i salongen, var då Eric Heiden kom innom for å klippe seg i 1981. Han hadde då vunne fem OL-gull, og var på treningsleir saman med det amerikanske OL-laget på Sanderstølen. Av andre kundar vil eg nemne dei som har klipt seg hjå meg heilt sidan eg byrja, og at det er nokre familiar der eg no klipper fjerde generasjon. Det er mange hyttefolk som er faste kundar, og eg har kundar frå Gol, Gjøvik, Torpa og Dokka. Ja, ein av kundane mine reiser endatil heilt frå Skien, og brukar om lag fire timar kvar veg for å kome seg hit og få klipt seg. Utanom salongen dreiv eg i vel 20 år med travhestar. Hestane mine deltok på mange nasjonale løp, og vann nokre òg, men «Østfoldgubben» var nok den likaste. Dei siste 20-30 åra har eg vore med sju-åtte kompisar på småviltjakt. Eg skyt ikkje, for det er det sosiale, og kosen rundt bålet med kaffi, steikt egg og flesk, som er det viktigaste for meg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑