Tag

Band

Geir Hagen, Garli, Fagernes, fødd 1968

Rett etter at eg fylte fem år, var eg ute for ei alvorleg ulukke. Eg var ute med akebrettet mitt heime i Reinli, og ok ned til vegen. Der kom det ein bil i stor fart, og køyrde på meg. Resultatet vart eit stort brot i hovudskallen, fleire operasjonar, og mange turar på sjukehus. Skadane førte til at eg vart plaga med øyresus, store smerter og søvnproblem gjennom heile oppveksten. Eg fekk bort noko av fokuset frå øyresusen, ved å høyre på musikk. Og då eg i 12-årsalderen høyrde AC/DC for fyrste gong, fekk eg heilt dilla på gitar! Eg måtte lære å spele gitar, og byrja å mase på foreldra mine om dei ikkje kunne kjøpe ein til meg. Gleda var derfor stor då eg fekk gitar til jul, og eg tok til å spele med det same. Dei neste åra øvde eg kvar dag, somme gonger opp mot åtte timar om dagen. Det tok ikkje lange tida før eg vart med i eit band. Vi spelte rock og kalla oss Pegasus, og heldt det gåande i mange år. Så vart eg med i Jupedalen Pøbb Ensemble på midten av 1990-talet, før eg var med å starte gruppa Spinning Coins få år seinare. Spinning Coins var på god veg til å bli noko, men i 2004 la eg vekk musikken ei tid, for å prioritere familie og bygging av hus. Men musikken er ein stor del av meg, og det var ei sjølvfølgje at det skulle vere lydstudio i det nye huset. Eg hadde hatt lydstudio sidan 1997, der mellom anna opptaka til den fyrste plata til Jupedalen vart gjort. Det var likevel fyrst for fire-fem år sidan at eg starta å spele att, no med gruppa Jowana. Elles har eg jobba mykje med Rune Glimsdal, og eg byrja å spele med Mø Tre i fjor. Saman har vi spelt inn ein del låtar i lydstudioet heime. Dessutan har Spinning Coins lufta planane om eit comeback, men vi får sjå kva det blir til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kristen Stavdahl, Sør-Etnedal, fødd 1964

Eg vaks opp på ein gard i Sør-Aurdal, med skogen som næraste nabo. Og sidan eg hadde ein far som var aktiv jeger og skogsarbeidar, vart skogen min fyrste arbeidsplass, og eg vart sjølv ein ivrig friluftsmann og jeger. Då eg gjekk i sjuande klasse, laga eg min fyrste gitar. Tjue år seinare var eg med på å starte Jupedalen Pøbb Ensemble, der eg spelte bass og munnspel. Vi heldt det gåande i 12 år, og gav ut seks plater og nokre singlar. Eit par av låtane hevda seg på Norsktoppen, og den eine av dei var i alle fall oppe på ein andre plass, og låg 14 veker på lista. Men vi var fyrst og fremst eit showband, som spelte for å ha det moro. Ein gong kom Tv2 til Bagn for å filme oss. Då hadde vi ein konsert på Fossvang, som ikkje blir gløymt med det fyrste. Lokalet var tjukt av folk, og ein av våre «maskotar», Jarle Heiene, kom ut på scenen på moped. Det tok heilt av! Noko tidlegare – på midten av -80-talet – fatta eg interesse for måling. Ved sida av at mor mi skreiv dikt og gav ut fleire bøker, dreiv ho også med rosemåling og keramikk. Og ein dag eg var åleine heime, fann eg fram målarutstyret hennar, og byrja å måle. Det var ikkje vanskeleg å finne inspirasjon til kva eg skulle måle, etter tallause timar ute i naturen; det måtte bli naturbilete. I bileta mine er eg oppteken av at dyra eg målar skal verke levande, og at samspelet mellom lys og motiv skal bli rett. For det er viktig å attgje lyset på rette måten, skal måleriet bli truverdig. Eg får mykje inspirasjon av mangfaldet som finst i naturen, der menneske, dyr, plantar og skog er delar av ein større heilskap, som passar nøye saman. Men det er ingenting som gjev meg større inspirasjon enn kjærasten min, Vigdis, som eg bur saman med i Etnedal! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tron Kittelsen, Høresbygdé, fødd 1954

Eg har bestandig likt å teikne, og noko av det fyrste eg teikna var kart, for eg har alltid vore fascinert av kart og reising. Og etter å ha avtent sivilteneste, dreiv eg med grafikk eit års tid, før eg reiste rundt om i verda med ryggsekk, og eit opent sinn. Vel heime tok eg kunstutdanning, fyrst ved Einar Granums tegne- og maleskole i 1980-81, og deretter kunstakademiet i Trondheim frå 1982 til 1986. Dette med kart og reising er eg framleis oppteken av, og noko av det eg har drive mest med dei siste åra, er kartbaserte teikningar. Eg brukar ofte ein kombinasjon av eit teikna kart, og avtrykket av ei gravstøtte. For å få avtrykk av ei gravstøtte, brukar eg ein teknikk som heiter frottage. Måten eg gjer det på, er å trykkje eit papir mot gravstøtta, og ved hjelp av grafitt, som nærast er eit tjukt, mjukt bly av ein blyant, arbeider eg fram strukturen til, og skrifta på gravsteinen. Filosofien bak teikningane er å vise levd liv, og mennesket si reise, jamført med jorda si reise. Ta til dømes øya Gotland i Sverige, som ein gong låg der Antarktis ligg no. Så kan ein byrje å tenkje på korleis det var på Gotland då det låg langt der nede i sør, samanlikna med at det for 2500 år sidan var eit sentralt handels- og kultursentrum, med vidtrekkande forbindelsar. Det er litt av ei reise, ikkje berre i avstand, men òg historisk! Ei gravstøtte vil på si side seie noko om mennesket si historie. Til dømes såg eg ein gong ei gravstøtte, der det var fire familiemedlemmar under 10 år som hadde døydd i åra 1917-1920. Det var lett å skjøne at dei vart råka av spanskesjuka. Og det er dette forholdet, mellom verda og menneska si reise, eg prøver å få fram i teikningane. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Espen Austdal, Robølsbygdé, Heggenes, fødd 2000

Då eg var to år gamal fekk eg ein leikesaksofon. Med eit fast grep om saksofonen klatra eg opp på eit bord, der eg stelte meg opp for å spele og halde show for dei som var til stades. Så interessa for musikk og det å underhalde andre, har eg hatt lenge! Eg er ikkje vaksen opp i ein musikalsk familie, men bror min tok gitartimar. Han gav seg likevel ganske fort, men gitaren hadde han, og eg såg mitt snitt til å tjuvlåne han. Og slik gjekk det til at eg byrja å spele gitar, og det har eg halde fram med i snart 12 år no. I mars 2013 var eg med å starte opp bandet «The Rebels», etter å ha spelt fem år i «Sunflower Seeds», med mellom andre Andreas frå «The Rebels». Med «The Rebels» har vi gjeve ut tre singlar og ein EP, vi gjekk vidare i UKM i 2014 og 2016, og vann valdresmeisterskapen i rock både i 2013 og i år. Eg syng og spelar gitar, medan Andreas Bærøy Nordsveen spelar trommer, og William Alexander Dalen spelar bass. Vi spelar punkrock/rock, lagar våre eigne songar, og syng på engelsk. Det er William som skriv tekstane, og eg lagar melodiane. Vi var veldig inspirerte av «Green Day» i byrjinga, men seinare har vi vorte meir allsidige, for vi ville ikkje bli sett på som eit «Green Day coverband». Så no ynskjer vi helst å spele berre eigne songar, krydra med ein coverlåt ein gong imellom. Når det gjeld ambisjonane våre, håpar vi å få gjett ut eit album neste år, og vi har eit ynskje om å få spele på fleire festivalar. Vi gjer vårt beste under konsertane, og drøymer om at musikken kan bli eit levebrød etter kvart. Men fyrst skal vi spele under «rakfisken», og det gler vi oss skikkeleg til! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑