Tag

beitosprinten

Pål Andvord, Beitostølen, fødd 1975

Vi flytte frå Brandbu til Valdres rundt 1980, då foreldra mine tok over drifta på Vangsjøen. Og då eg sjølv byrja å jobbe, var det på Beitostølen høyfjellshotell, som det heitte den gongen. Deretter tok eg til på Svingen pub i 1997, som eg og to kompisar fekk skrapa saman nok pengar til å kjøpe tre år seinare. Etter at vi hadde kjøpt Svingen pub, stifta vi selskapet Beitostølen Barcraft, og kjøpte etterkvart opp fleire utestader. Av dei er Arnolds pub, som no blir gjenreist, og bygginga er i full gang. Her blir det restaurant og bar, og det blir nok den nye storstova på Beitostølen. No har vi også skipa Barcraft Fagernes, som er eigar av Nabo bar. Barcraft har til saman 12-13 tilsette på fulltid, og på ein vinter er det sikkert 35 personar innom vaktlista. Og eg må seie eg er stolt av å ha vore med på å skape ein drivkraftig butikk, frå så så seie ingenting. Elles er eg med i kommunestyret, og eg synest det er interessant å lære meir om kommunen eg bur i, og bli betre kjend med det som skjer. Dessutan brenn eg for at Beitostølen skal bli stadig betre, for det er ikkje gratis å reise hit, så det er viktig at dei tilreisande har det bra når dei kjem. Eg er også med i styret i idrettslaget, og synest det er spennande med dei store arrangementa, som er positivt for Beitostølen generelt, og sjølvsagt også for oss. Når det gjeld interesser, likar eg godt å reise. Vi er ein kompisgjeng på fem–seks stykke som dreg på fotballturar i England, men er òg på andre turar. Uansett kvar vi reiser, ynskjer vi å finne gode restaurantar. For det er noko med det å kome seg bort frå ein hektisk kvardag, slappe av, og vere i lag med gode vener. Og når ein kan gjere det med god mat og drikke, blir det ekstra hyggjeleg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Svein Olav Kopperud, Garli, Fagernes, fødd 1960

Eg har vore sportsinteressert heile livet, og dei siste 15 åra har eg reist utanlands med nokre kameratar, på ulike sportsarrangement. Av store opplevingar kan eg nemne «el classico» i Barcelona; fotballklassikaren mellom Barcelona og Real Madrid, samt fleire fotballkampar på øvste nivå i England. Ei anna oppleving som gjorde inntrykk, var då eg var på ein fotballkamp i Hamburg seinhaustes 1989, den fyrste helga etter at berlinmuren vart riven. Det var mange aust-tyskarar i gatene, og dei kjøpte store mengder appelsinar. Det kom av at dei knapt hadde sett frukt før, sidan dei stort sett var vane til surrogatprodukt i Aust-Tyskland. Her heime har eg vore lagleiar for fotballen i Sør-Aurdal i 20 år. Eg har òg hjelpt til under Beitosprinten dei siste fem åra, og eg stiller opp for Valdres FK no og då. Elles er eg veldig glad i å vere ute i naturen, og har vore mykje på fjellet i Vestre Slidre. Dei to siste åra har eg gått den delen av Kongevegen som går ned mot Lærdal, men no til sumaren vil eg gå på valdressida. Eg vil òg nytte høvet til å skrøyte av dei gode helsetenestene vi har her til lands. Eg vart nemleg sjuk av helveteseld i vinter, og var heilt utslegen i ein månad. Då fekk eg sjå kor godt systemet verka, etter to veker på sjukehus. Men nesten enno betre var det å sjå kor mykje familie, vener og kollegaer stilte opp for meg. Dei hjelpte meg gjennom heile sjukdomsperioden, og sytte for at vegen tilbake til  kvardagen, vart så lett som råd. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑