Tag

Distriktspolitikk

Anne Lajord Belsheim, Liagardane, Vang, fødd 1962

Vi tok over garden etter slektningar av mannen min, som ikkje hadde etterkomarar. Dei fyrste åra hadde vi berre sau, men då mjølkekvota held på å gå ut, fann vi ut at vi skulle halde geiter òg. Vi byrja i det små med ti geiter, men ynskte snart fleire, og reduserte i staden saueflokken. Så no har vi om lag 30 vinterfôra sau og 150 geiter, der noko av kjøtet blir male til kurv som vi sel. I tillegg har vi nokre få mohairgeiter, kaninar, hund og katt. Eg er utdanna førskulelærar med eit halvår i spesialpedagogikk, og var styrar i Fredheim barnehage i 18 år. Men sidan gardsarbeidet kravde mykje tid, sa eg opp stillinga mi for å vere fulltid på garden. Sjølvsagt saknar eg ungane i barnehagen, og samarbeidet med dei vaksne, men eg har funne ein måte å kompensere for dette. Sidan 2005 har eg nemleg drive «inn på tunet», der utvalde ungar opp til 18 år får tilbod om å ta del i det som skjer på garden. Det er utruleg gjevande å ha desse barna på garden, for vi får sterke band til kvarandre, og det er så flott å sjå at tida på garden gjer dei godt, og at dei er så nøgde. Elles er eg politisk aktiv, og representerer SP i kommunestyret. Eg brenn for at bygda skal vere levande, slik at folk blir verande, og nye kjem til. Då er vi avhengige av å halde saman, og at det skjer noko i bygda. Eg er ikkje ein person som greier å vere uverksam, men må ha noko å drive med. Sidan eg sit i kommunestyret, er eg med i fleire ulike lag og organisasjonar, men eg er òg aktiv medlem i mållaget, og jobbar deltid med trusopplæring i kommunen. Så det er i alle fall ikkje noko problem med å få tida til å gå! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marit Andrisdotter Kvam, Kvamsroné, Vang, fødd 2000

Då eg gjekk i niande klasse hadde vi arbeidsveke, der eg fekk vere med to veterinærar rundt om i Vang. Dette likte eg så godt, at eg bestemde meg for at det var veterinær eg skulle bli. Så no går eg fyrste året på linja for allmenne fag, og har ein draum om å kome inn på veterinærhøgskulen etter vidaregåande. Men eg må ha gode karakterar for å kome inn, så eg må verkeleg leggje meg i selen for å lukkast. Utanom skulen er eg leiar for Åsvang 4H, og eg er medlem av Senterungdommen. Ei av dei politiske sakene som opptek meg mest, er kommunesamanslåinga. Det kjem av at eg fryktar at det meste blir sentralisert til Fagernes dersom Valdres blir ein kommune, og at bygdene kan bli fråflytte som ein konsekvens av dette. Eg meiner at folk bør få bu og leve slik dei sjølv ynskjer, og ikkje bli tvungne til å flytte mot si vilje – for Valdres, og Vang – vil ikkje vere det same med folketome bygder. Eg vil også seie – som den vangspatrioten eg er – at det er stor stas å representere ein så flott stad som Vang, særleg når eg er utanfor Valdres. For eg er glad i Vang, og stolt av å kome frå ein gard herfrå. Av andre interesser kan eg nemne at eg har gått på kulturskulen sidan fyrste klasse, der eg har spelt fleire ulike instrument. No spelar eg munnharpe, og skal opptre på Landskappleiken for tredje gong, og det synest eg er moro å få vere med på. Elles har eg nyleg kjøpt meg rifle, for eg vil vere med på storviltjakt. Våpensøknaden er sendt inn, og eg har teke jegerprøva, så no er det berre skyteprøva som står att! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑