Tag

Dokka

Marlyn Solhaug Bergeid, Bruflat, fødd 1962

Eg kjem opphavleg frå Dokka, men flytte til Etnedal, fødestaden til mannen min, på midten av –80-talet. Fram til då hadde eg teke handelsskulen,  jobba på Spåtind høyfjellshotell og på Dokka likningskontor. Då eg kom til Etnedal, byrja eg hjå Syver Øverli AS, no Matkroken, men eitt år seinare fekk eg jobb som kontorfullmektig på rådmannskontoret. I 2006 vart eg einingsleiar for service- og kulturkontoret, og for fire år sidan vart eg sakshandsamar i rådmannen sin stab. Elles har eg vore hovudtillitsvalt i fagforeininga KFO/Delta, og har teke vidareutdanningar i organisasjon og leiing, og i arkiv- og informasjonsforvalting. Eg trivst veldig godt i jobben, der eg har ansvar for mange område, og har difor eit variert arbeid. Dessutan jobbar eg sjølvstendig, i eit veldig godt arbeidsmiljø. Ved sida av arbeidet, er eg kasserar i skilaget og leiar i husflidslaget, eg har vore leiar for turngruppa, og eg synest det er viktig å vere med på dugnad. Eg likar godt å gå turar og sykle, og driv med spinning to gonger i veka. Gåturane går ofte til Himalaya. Det er nemleg ein stad på Tonsåsen som heiter Himalaya, og der er eg med jamne mellomrom! Ein annan hobby eg har, er å strikke. Noko av strikkearbeidet blir selt på ulike utstillingar og messer, mellom anna på Etnedalsdagane og på husflidsmessa på Skogtun. Eg likar også godt å knipse naturbilete. Motiva er frå heile Valdres, men dei fleste er nok frå Vang, der vi har hytta vår. Fleire av bileta mine har vore stilt ut på Blaafladt Spiseri, og det synest eg var litt stas! Men det viktigaste i livet mitt er nok likevel dottera vår, som vi adopterte frå Kina for 11 år sidan. Og eg kan love at gleda var stor, då vi vart adoptivforeldre! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Jonathan Øraker, Vangsnes, Vang, fødd 1997

Til dagleg bur eg i Oslo, der eg tek fyrste skuleåret innan sal og marknadsføring, og jobbar eit par dagar i veka på Møller Bil. Målet er å bli bilseljar, og eg må seie eg hadde flaks som fekk jobb i ei så renommert bedrift. Interessa mi for køyretøy vart vekt tidleg. Den fyrste snøskuteren min fekk eg allereie då eg var 3 år, og den vart godt brukt dei komande åra. Så byrja eg å køyre skutercross i 2012, og vann sør-norsk skutercup det andre året eg var med. Sesongen etter gjekk eg opp ein klasse, vart nummer fire under NM, fekk racingavtale med Skidoo, og køyrde eit par løp i Sverige. Men eg ynskte ikkje å satse vidare, for no var eg så gamal at eg kunne drive med bilsport, og det freista meir. Bilsporten eg driv med heiter drifting, der vinnaren blir kåra utfrå kor stor breisladd ein kan få til, og kor lenge ein kan oppretthalde sladden. Dette slit naturlegvis hardt på dekka, så då eg byrja å køyre som fattig skulegut, fekk eg kasserte dekk hjå Vianor. Bilen gav eg 15 000 for. Dei fyrste løpa køyrde eg på Dokka, og det gjekk så bra, at eg fekk lyst til å gjere litt meir ut av det. For skal ein hevde seg i denne sporten, er ein nøydd til å ha ein sprek motor. Så eg bestemde meg for å trimme motoren, og bad Bergheim Autoservice til råds. Det enda likegodt med at dei betalte brorparten av kostnadene for ein heilt ny motor, og tok endatil jobben med å trimme han. Utpå seinsumaren i fjor var bilen ferdig. Eg rakk så vidt å sleppe laus dei 500 turbohestane før sesongen var omme, og andre gongen eg tevla med nybilen, vart det jamvel seier. Det hadde sjølvsagt vore artig å kunne leve av dette, og køyre formula drift i USA, som er for VM å rekne innan drifting. Rett nok er nålauget trongt, men det er vel lov å drøyme? (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2024 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑