Tag

Elitemjølk

Ola Bonlid, Hagagrendé, Reinli, fødd 1969

Ein gong, medan eg dreiv og kappa ved for 15 år sidan, sette det seg fast ein grov kubbe i vedmaskina. Eg sparka laus kubben med foten, men det gjekk så gale at foten vart kutta av nede ved okla. Foten var så øydelagt at det ikkje gjekk an å sy han på att, så eg måtte byrje med protese. Fleire år tidlegare, i 1990, hadde eg take over garden i lag med syster mi, etter at far min vart hjartesjuk 51 år gamal. Han var ein skikkeleg arbeidsmaur, men døydde berre 67 år gamal. Det var ikkje så lett å drive garden den fyrste tida etter at eg mista foten, men eg fekk ein del hjelp av slekta, og etter ei stund gjekk det betre. Sidan eg har 120 storfe på garden er det mykje å gjere, og det er ein del år sidan eg har hatt ferie. Og det at far min arbeidde så hardt, vart hjartesjuk og døydde tidleg, har nok skremt meg litt. Så eg har vore inne på tanken om å trappe ned, og bruke meir tid saman med borna mine, men eg har bestemt meg for å halde på litt til. For her har vore drift sidan 1930-talet, og eg vart på ein måte fødd til å drive garden vidare, så det er mange kjensler som spelar inn før den endelege avgjerda skal takast. Bilen eg står ved sidan av, arva eg då eg var ni år gamal. Det er ein 1961-modell Ford 12M, som hadde gått 4622 kilometer då eg fekk han. Eg har berre brukt han til finbruk, og no, snart 40 år etter at eg tok over bilen, har han gått 5260 kilometer. Bilen er heilt original, og har aldri vore skrudd frå kvarandre. Det har ikkje ein gong vorte skifta dekk på han, så diagonaldekka som sit på, er dei same som då bilen var ny. Eg har vore på 11 treff med bilen, og det vart fyrstepremie kvar gong. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gro Haraldsdotter Arneng, Sørre Skjel, Heggenes, fødd 1981

Foreldra mine kjem frå Bærum og Horten, og dei er båe utdanna agronomar. Far min har slekt i Røn, og såg difor etter eit bruk i Valdres. Så då garden her vart lagt ut for sal i 1979, gjekk ynsket deira om å bli gardbrukarar i oppfylling. Her fekk eg ein god oppvekst med mange fine opplevingar, der alt var føreseieleg, rutineprega og i trygge rammer. Nett som foreldra mine, er eg òg utdanna agronom, og eg og mannen min tok over garden i 2012. Vi driv med geiter, og har levert elitemjølk dei fem åra vi har drive garden. Det er eg stolt av. Men eg har ikkje berre jobba innan landbruket. Ein periode arbeidde eg med rusavhengige, der vi budde saman med dei i kollektiv. Denne erfaringa gav meg ei forståing av kor heldig eg er, men òg korleis livet kan snu på ein femøring, dersom ein er uheldig. Sidan vi ikkje har nok beite til dyra heime, er det naudsynt å sende dei på stølen. Geitene gjev dessutan betre mjølk når dei får vere på fjellbeite. Vi har støl på Hødnstølen oppunder Bitihorn. Eg synest det beste med å drive gard, er når vi er med geitene på stølen om sumaren. Det er eit fritt liv, for sjølv om ein er bunden av fjøsstell morgon og kveld, har ein heile dagen for seg sjølv. Geitene er ute natt som dag, og dei får gå fritt utan stengsler av noko slag. Og når dyra har det bra, har også eg det bra, og med godt samvit. Så livet til fjells er eit godt liv, både for folk og dyr! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Magne Ulstølen, Skrautvål, fødd 1963

Vi tok over garden i 1989, og har no 26 mjølkekyr og om lag 30 ungdyr. Vi har óg leigd to kvoter. Stølen som høyrer til garden ligg på Etnesenn, men i 1999 fekk vi oss støl på Grøslien, som er berre om lag halvparten så langt som til Etnesenn. På Grøslien er det eit tun med 10 hus, der alle har skifertak. Vi har restaurert seks av husa, det eldste er frå 1860. På stølane har vi vore kvar sumar sidan vi tok over drifta, med unntak av det fyrste året. Eg er veldig sosial, og likar godt å «laupe». Elles prøver eg å vere til hjelp om eg blir spurt, og eg likar å vere med på det som skjer i bygda. Men det er garden som tek opp det meste av tida mi, den er både ein jobb og ein livsstil. Sidan vi tok over drifta for snart 30 år sidan, har vi berre vore på ein ferietur, og då var vi borte i tre dagar. På veggen bak meg heng nokre av dei prisane vi har fått av Tine for mjølka vår. Den lengst borte er 20-års merket, der kravet er at ein skal ha levert elitemjølk i minst 20 av 22 år. Men den gjævaste prisen er nok sylvtina vi har fått. For å få den må ein levere elitemjølk 15 år samanhengande, så den er eg nok litt ekstra stolt over.   (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2024 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑