Eg vaks opp i ein syskenflokk på ni, med åtte gutar og ei jente. I ungdomsåra dreiv eg mellom anna med skogsarbeid, før eg bygde opp bensinstasjonen på Bruflat i 1959. Eg dreiv stasjonen fram til 1982, då eg byrja ved kassefabrikken på Tonsåsen. Bensinstasjonen leigde eg bort, og eg meiner han var i drift fram til 2010. Når det gjeld interesser, er eg glad i å sykle og gå på ski, og i fjor var eg jamvel på fottur til Rasletinden. Eg er nemleg oppteken av helse, og passar på å få i meg næringsrik kost. Middagen lagar eg frå botn, noko eg lærte då eg var kokk i militæret. Eg et fisk til middag tre-fire gonger i veka, og har brukt makrell i tomat som pålegg i alle fall dei siste 60 åra. Men ein treng kvile også. Eg ser på kroppen min som eit gamalt batteri som ikkje held like godt på straumen lenger. Blir fyrst batteriet tappa ned, er det vanskeleg å lade opp att, for det er ikkje råd å få opp så mykje energi no, som då eg var yngre. Det med helse er viktig, for så lenge ein har god helse, er det opp til ein sjølv korleis ein vil ha det i livet. Og sjølv om det skulle butte imot gjeld det å vere positiv, for det gjer godt både for ein sjølv og dei ein skal vere saman med. Dessutan har eg vore med i songlaget i snart 60 år, der eg syng tenor. Vi øver ein gong kvar veke, og syng under kulturveka og på syttande mai, vi har julekonsertar og songstevne kvart år, og nyleg song vi då biskopen vitja Etnedal. Elles var eg gift med ei flott jente frå Hardanger, men etter at ho hadde vore sjuk i 11-12 år, døydde ho frå meg. Men eg finn ei trøyst i trua. Eg er fast kyrkjegjengar, og trur på eit liv etter dette. Så når mine dagar på jorda er talte, er eg viss på at eg får møte henne att på den andre sida. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Då eg kom til verda låg telefonsentralen i huset vårt, og det var mor mi som var styrar på sentralen. Sjølv byrja eg å ekspedere ved sentralbordet frå eg gjekk i småskulen, noko eg held fram med til automatiseringa den sjuande mai 1981. Sentralen fungerte også som ein vaktsentral, der vi skaffa så vel lege, jordmor, lensmann og dyrlækjar, og det var endatil dei som ringte for å høyre om kjøpmannen hadde fersk sild! Under krigen sytte vi for å vidareformidle beskjedar til heimestyrkane, og eg fekk kongens medalje for innsatsen. Eg har reist ein god del, og i august 1970 opplevde eg ei spesiell hending i Central Park i New York. Her var det ein velgjerdskonsert, der eit janitsjarorkester spelte. Og medan eg sat der, i 42 graders varme, tok dei til å spele «Valdresmarsjen», noko som var ei stor oppleving. Eit par månader seinare reiste eg til Spania for fyrste gong, der eg tapte mitt hjarte. Året etter kjøpte eg ei tomt i Costa del Sol, og bygde ein villa som eg nytta dei neste 34 åra. Dei siste godt og vel 20 åra er det to ting som har halde meg oppe, og det er humanitært arbeid i Estland, og innlegga eg skriv i «valdresen». Fyrste gong eg reiste til Estland var i 1995, der eg fekk sjå folk som ikkje åtte nokon ting. No har eg vore der meir enn 100 gonger, og har brukt rundt fire millionar av eigen lomme. Ein gong eg var der, var det ei beskjeden lita jente som snart hadde fødselsdag. Då eg spurde henne kva ho ynskte seg, var det så vidt eg høyrde henne då ho kviskra: «eit ullteppe». Dette var eit svar eg ikkje hadde venta frå ei ni år gamal jente, og er berre ein av tallause episodar som har gjort sterkt inntrykk på meg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑